Foto: skjermdump frå Veterinærinstituttet over påvist fugleinfluensa
Veterinærinstituttet
Mattilsynet melder at det er påvist fugleinfluensa hos svanar og andefuglar i Bergen og Øygarden. Også i Rogaland er det påvist fugleinfluensa. Sjukdommen vert jamleg påvist hos ville fuglar fleire stadar i Noreg gjennom året. Mattilsynet følgjer situasjonen nøye og minner om at det er viktig å varsle dersom du finn døde eller sjuke fuglar der du mistenkjer fugleinfluensa.
Unngå død fugl
Fugleinfluensa kan smitte frå ville fuglar til tamfugl og gi alvorlege sjukdomsutbrot. Viruset kan òg smitte til pattedyr, særleg dyr som et fugl. Smitte til menneske er svært sjeldan, og er så langt aldri påvist i Noreg. Som ei førehandsregel bør du likevel ikkje ta på sjuke eller døde fuglar. Unngå også at hund og katt kjem i kontakt med død fugl.
Mistanke om smitte oppstår ofte ved brå auke i dødelegheit. Nokre fuglar kan ha pustevanskar eller balanse- og koordinasjonsproblem som kan gi tap av flygeevne. I fjørfeflokkar kan ein sjå nedgang i eggproduksjon og nedsett allmenntilstand.
Varsle Mattilsynet
Ved eit eventuelt utbrot i Bømlo vil kommunen koordinere innsamling av døde fuglar. Fuglane skal destruerast i tråd med lovverket. Personell som deltek i innsamling, skal bruke eigna smittevernutstyr. Døde fuglar i område der det er grunn til å tru at dei kan vere smitta med fugleinfluensa, skal ikkje kastast i restavfallet.
Per i dag er det ikkje registrert fugleinfluensa i Bømlo kommune. Dersom du oppdagar unormalt mange sjuke eller døde fuglar, bør du la dei vere i fred og varsle Mattilsynet. Mattilsynet vil vurdere om det er aktuelt å ta prøvar.
Meld frå om sjuke eller døde fuglar
Ytterlegare informasjon
Fugleinfluensa | Mattilsynet (samleside)
Råd om håndtering av fuglevilt og syke rovdyr | Mattilsynet (dersom du blir nødt til å fjerne døde fuglar)
Råd for å forebygge smitte av fugleinfluensa til mennesker - FHI (Informasjon om førebyggjing av smitte til menneske)
Forskrift om animalske biprodukter som ikke er beregnet på konsum (animaliebiproduktforskriften) - Lovdata (Lovverk)
Fugleinfluensa hos villfugl i Norge - Veterinærinstituttet (kart og tabell over påvist fugleinfluensa)
Verneutstyr ved fugleinfluensa (video frå fhi)