Tore T. Hansen nytta seg av popp-opp kafeen på Hi Sio i lunsjpausen og vart servert av Brannmann Magnus og miljøterapeutane Anita Torkelsen Nesse og Hege Øyjord (t.h)
Simon Knutsson Sortland
- Veldig kjekt at her er så mykje folk, var ein kommentar me overhøyrde blant gjestene torsdag i lunsjtider.
- Eg veit ikkje kor mange vaflar eg har steikt, men det er veldig mange. Det er bra for det er jo så mange som kjem. Det er bra å driva kafè, slår Rune Andreassen fast.
- Eg ryddar bord og vaskar og gjer litt forskjellig. Eg har aldri drive kafè før, og det er veldig kjekt å sjå så mange vener og kjende som kom innom her i dag, fortel Kristin Nordtun.
Vil gjerne prøva igjen
Saman med Rune og Kristin står miljøterapeut i Habiliteringstenesta, Anita Torkelsen Nesse. Ho fortel at dette er eit prøveprosjekt frå Aktivitetstunet si side. - Det er kjekt å øva seg, og kanskje me får sjansen igjen seinare. Saman med kollega og miljøterapeut Hege Øyjord hadde dei oppsyn med vaffelsteiking, kakelaging, smøring av rundstykker, kaffikoking, sal og rydding.
- Går fint dette. Eg har stått i kassen her og seld mykje, fortel Brannmann Magnus. Han har nettopp teke betaling frå Tore T. Hansen som byta ut lunsj på rådhuskantina med popp-opp kafeen på Hi Sio og var stornøgd med tiltaket.
Veldig nøgd var også Kristoffer Størksen. Han hadde ansvaret for kunstbordet der du kunne få mange ulike produkt frå Aktivitetstunet, mellom anna artige steinar mala i fargerike og humørfylte motiv.
Imponerande og stas
- Utruleg kjekt at Aktivitetstunet hadde lyst til å driva Pop-Opp-kafé! Imponerande og stas at dei drog full kafé. Dei er ein god gjeng, seier senterleiar Anita Morlandstø i Bremnes Storsenter.
Ho opplyser at Pop-Opp-kaféen er dugnadsbasert og driven av Svortland krinslag. Dei og storsenteret er takknemlege for alle lag og organsisasjonar som har stilt opp for å bidra til open kafé, der inntektene går til Aktivitetspark på Torget, som vert ein god og viktig møteplass,