Sveitsaren Adam Aspinall (t.v) har bakgrunn frå FN-systemet og orienterte om kampen mot malaria til sine medstudentar i Bømlo vaksenopplæring då dei markerte FN-dagen på forskot 22. oktober. Hans føredrag vart tolka til ukrainsk av Yuliia Khilinska og til arabisk av Othman Edrees Ahmad.
Simon Knutsson Sortland
Markeringa starta med velkomst og presentasjon av FN ved Anastasiia Hrytsenko, Yonas Gebrehiwet, Larysa Bida,og Helen Ali. Deretter var det fellessong av «Barn av regnbuen». Deltakarane fekk høyra ein appell om FN og humanitært arbeid der deltakar Adam Aspinall fortalde om malaria og korleis FN kjempar mot denne dødelege sjukdomen. Ekstra sterkt var det då han fortalde at kvar minutt dør eitt barn av malaria. Så i løpet av hansd presentasjon på 10 minuttar vil 10 barn vere døde.
Kreativitet og fellesskap
Rektor Kari Friis Sortland orienterte deretter kort om resten av dagen der programmet baud på fleire arbeidsstasjonar. Deltakarane kunne måla på lerret, strikka prematurhuer, arbeida med dikt og sitat og laga vennskapsarmband.
Ei oppgåve var å velja det finaste ordet du veit. Deltakarane skreiv orda på dekorasjonar og hengde dei på greinene. «Håp» var eitt av orda som fekk plass på treet.
Det var òg tid til å dela eit måltid. Deltakarane fekk wraps, vegetarwraps med meksikansk vri og lappar stelt i stand av deltakarar sjølve. Gjennom aktivitetane fekk deltakarane markera FN-dagen saman og fylla dagen, og treet i gangen, med både fargar og gode ord.