Beredskap var eit av tema på Sunnhordlandskonferansen der fleire innleiarar deltok via Teams.
Simon Knutsson Sortland
Det var rådet frå Marcus André Berntzen Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval. Sunnhordlandskonferansen på Stord hotell 6. mars samla formannskapa og deltakarar frå Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Gjennom dagen fekk deltakarane innlegg og samtalar om mellom anna beredskap, kommunale oppgåver mot 2040, utanforskap og regional utvikling.
- Skal Noreg lukkast, må Vestland lukkast, og skal Vestland lukkast, må Sunnhordland lukkast. Det er her den største verdiskapinga skjer», sa Morten Helland, leiar i Regionrådet Sunnhordland og ordførar i Bømlo, i si velkomsthelsing.
Kommuneutvikling i ei uroleg tid
Første del av konferansen handla om det overordna biletet for kommuneutvikling. Rune Bakervik, stortingsrepresentant (Ap) og medlem i utanriks- og forsvarskomiteen, innleidde med ei gjennomgang av den europeiske, nasjonale og regionale situasjonen. Han understreka at Europa må ta meir ansvar for eigen tryggleik.
– Det avgjerande for utfallet av fullskalakrigen i Ukraina, som no snart har vart like lenge som 2. verdskrig, er den vestlege militære og økonomiske støtta til Ukraina, og korleis me framover klarar å straffa russisk økonomi, sa Bakervik.
Deretter heldt Haavard Stensvand, beredskapssjef hos Statsforvaltaren i Vestland, innlegg om kommunal beredskap og kor viktig det er å dra i same retning. Han peika på at kommunane må vera skodde til å driva og oppretthalda grunnleggjande tenester også i ein krise- eller krigssituasjon. Årets innleiargåver gjekk til organisasjonen Fritt Ukraina, som støttar humanitært arbeid i Ukraina.
Kommunen sine oppgåver mot 2040
Andre del av konferansen tok for seg utviklingstrekk og prioriteringar dei neste tiåra. Frode Kyrkjebø frå KS snakka om kommuneøkonomien fram mot 2040, med særleg vekt på demografi, lovpålagte oppgåver og økonomisk handlingsrom. Lene Engebø, tenesteleiar i Kinn kommune, delte døme frå eigen kommune og korleis dei jobbar med krevjande utviklingstrekk.
Marcus André Berntzen Askildsen løfta fram kva ungdom forventar av kommunale tenester i framtida.
– Foreldregenerasjonen har opplevd oppgang og optimisme. Vår generasjon er pepra med negativitet. Det kan vera ein fordel at me har lågare forventningar enn dei eldre, men når unge flyttar vekk, vil kommunane slita, understreka Askildsen.
Marcus André Berntzen Askildsen, leiar Vestland ungdomsutval, snakka om tilknyting og ærleg kommunikasjon mot ungdomane.
Simon Knutsson Sortland
– Inkluder dei unge og ver ærlege
Askildsen meinte at Vestlandskommunane må jobba aktivt for å halda på ungdomane i konkurransen mot Austlandet. Han peika på fleire tiltak:
- gi ungdom sommarjobbar tidleg
- lytta og ta ungdomane sitt engasjement på alvor
- bruka ungdomsråda aktivt og gje dei reell innverknad
Han åtvara mot at einsidig fokus på manglar og utfordringar svekkar tilliten. – Færre unge kjenner tilknyting til kommunen sin. Fortel om gladsakene, jobbmoglegheitene og kvar dei kan bu. Men først og fremst må de vere ærlege. Også når stortingspolitikarar lovar ting som kommunane ikkje har sjanse til å oppfylla, sa Askildsen.
Utanforskap og inkludering
Bård Sandal frå Vestland fylkeskommune presenterte satsinga Inkludering i Vest og fortalte at dei skal utvikla nye tiltak i tida framover. I panelsamtalen om utanforskap og inkludering deltok Askildsen, Morten Helland, Håvard Lægreid frå NAV og kommunedirektør i Stord, Mariann Jacobsen Hilt. Samtalen vart leia av Anlaug Rygg Svensen frå NAV Sunnhordland.
Deltakarane peika mellom anna på:
- aktiv bruk av ungdomsråd i politiske prosessar
- vidaregåande skule som ein sterk arena for inkludering
- tettare samarbeid mellom NAV og kommunane som arbeidsgjevar
- å framsnakka kvarandre og synleggjera moglegheiter
Regional utvikling
Frå venstre kommunedirektør Steinar Dalland i Fitjar, leiar av Stord ungdomsråd Oskar Vik Monsen, ordførar Sigbjørn Framnes og kommunedirektør Mariann Jacobsen Hilt i Stord kommune og ordførar Morten Helland i Bømlo kommune under gruppearbeidet om regional utvikling.
Simon Knutsson Sortland
Siste del av konferansen handla om regional utvikling og rolla til Vestland fylkeskommune. Robert Rastad og May-Britt Nesje Hernes orienterte om regionale planar for verdiskaping, kompetanse, areal og mobilitet.
Wenche Tislevoll i Fitjar kommune peika på at planprosessar tek for lang tid. – Ein arealdel tek i snitt ti år, og ein reguleringsplan tek fire til fem år. Det er altfor lenge. Regionale planar må ikkje gjera det endå vanskelegare, sa ho. Det vart også understreka behovet for realistiske kollektivløysingar og betre veginfrastruktur.
– Me må synleggjera moglegheitene og lyfta fram gladsakene, oppmoda rådsleiar Morten Helland då han avslutta årets Sunnhordlandskonferanse.
Ordførarar, ev varaordførarar og representantar frå ungdomsråda i Sunnhordland, samt Marcus André Berntzen Askildsen (t.h), leiar Vestland ungdomsutval, deltok på Formannskapskonferansen 2026.
Simon Knutsson Sortland