Gledeleg utvikling i fødselstal for Bømlo

Fødselstala er betre enn på fleire år, i Bømlo kommune. Hittil i år er det fødd 102. Fødselstala for 2025 endar truleg på mellom 125 -130 barn, noko me må heilt tilbake 2017 for å finne så høge fødselstal.

lærar og elevar i klasserom - Klikk for stort bileteKontaktlærar Signe Dørheim med velkomst for ny 1. klasse ved Hillestveit skule. Arkivfoto. Simon Knutsson Sortland

- Dette er gode nyhende for oppvekstsektoren og Bømlo, seier kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.

Bømlo kommune har ved utgangen av 3. kvartal i år 12459 innbyggjarar mot 12364 ved inngangen av dette året som gir ein folkevekst på 95, eller 0,8%. Til no er fødselsoverskotet 18, og netto innvandring inkludert inn- og utvandring er 76 personar. Det er høgast i Sunnhordland, berre prosentvis slått av Tysnes kommune sine 1,7% eller 50 nye innbyggjarar til totalt 3036. Stord har hittil i år ein reduksjon i folketalet på 37 og tel no 19317 innbyggjarar.

Jobbar med attraktivitet

Ordførar Morten Helland gler seg også over dei positive fødselstala. Han er om ikkje uroa så i alle fall oppteken av at me må følgja nøye med på innanlandsk flytting. I haustkvartalet er det fleire som flyttar ut enn inn av kommunen, og ein god del av dette er studentar. Det er òg grunn til å tru at busette flyktningar etterkvart flyttar til andre deler av landet for til eit større miljø frå heimlandet og jobbmoglegheiter.

- Me må stadig jobba med attraktiviteten vår for å få nye tilflyttarar og tidlegare bømlingar til å flytta heim igjen, understrekar ordføraren.

tabell folketalsutvikling - Klikk for stort bileteUtviklinga i folketalet for 2025 pr kvartal og hittil i år.