Kort historikk
Aktivitetstilbodet Nyving er eit lågterskeltilbod, som betyr at du ikkje treng vedtak for å delta, vart oppretta som fylgje av Opptrappingsplanen for psykisk helse. Dei starta opp i kjellaren i gamle BBR i 1998 og var i fleire år på Bøtun før dei hausten 2021 flytta inn i dagnes lokaler i Sams senter.
Målgruppa er vaksne over 18 år - vaksne i alle aldrar nyttar tilbodet i dag.
Målsetnaden er å gje eit meiningsfylt aktivitetstilbod til personar med psykiske helsevanskar som ønskjer å vera i eit sosialt fellesskap saman med andre. Her møter dei respekt og forståing for kvarandre, dei får får ros og oppmuntring.
Aktivitetstilbodet har ope 5 dagar i veka og vert i stor grad utforma av brukarane sjølv. Her er ulike spel som biljard og sjakk, det er trim- og diskusjonsgrupper, her vert det halde kurs og det er eit utgangspunkt for turar i skog og mark. Mat, kaffi og drøs er viktige ingrediensar i tilbodet.