Styreleiar Martin Laurhammer orienterte formannskapet om status og framdrift i fiskerihamna Hovlandshagen.
Simon Knutsson Sortland
Vel 28 millionar kroner har den ferdigstilte kaien på 50 meter i Hovlandshagen kosta. Ro-ro rampen til ca 18 millionar kroner er godt i gang, og den vil også kunne fungera som kai når ledig. Denne er 30 meter lang og skal stå ferdig i februar neste år.
I 2024 fekk Bømlo fiskerihamn i Hovlandshagen tilsagn om 22,5 mill. kr frå Kystverket si nasjonale tilskotsordning for kommunale fiskerihamntiltak. Tilskotet kan dekka inntil 50% av kostnadene. Kommunen har lagt ut for resterande byggjekostnadar som Hovlandshagen Utvikling AS vil refundera før jul.
Må snarast endra reguleringsplanen
- Me må jobba etter ein reguleringsplan frå 2015 som ikkje er foreinleg med slik me treng vegtraseen gjennom industriområdet. Denne sender me inn eit framlegg om reguleringsendring på. Vidare må rekkjefølgjekrava fjernast slik at utviklinga og framdrifta ikkje stoppar opp, understreka Laurhammer. Dei skal også regulera eit område til utfylling i sjø ved Urdatangen med massar henta i industriområdet.
- Dette jobbar me med, og det er klart føresetnadane og planane har endra seg frå reguleringplanen vart vedteken i 2015. Det er viktig for oss at det ikkje kjem hindringar i vegen både for vegtraseen og utfyllinga i Urdatangen, repliserte kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.
Ting fell på plass
- Det er kjekt å sjå at ting fell på plass. Me må også politisk jobba for å få framdrift og god fart på ny reguleringsplan, meiner Bjørn Asle Teige (Sp).
- Me ser utover reine fiskeriinteresser og meir på maritim verksemd i sin heilskap, opplyste Laurhammer. Han kunne melda om spennande aktørar som ynskjer å etablera seg i fiskerihamna.
- Statsforvaltaren kjem på besøk til oss 26. november vil me ta dei med på synfaring til Hovlandshagen for å syna dei kva me jobbar med og treng framover, mellom anna utfyllinga i Urdatangen. Her vert jobba godt på mange frontar, understreka ordførar Morten Helland.
Fleire nye samarbeidspartnarar
- Dette er eit veldig kjekt prosjekt, og eg vil takka for det gode samarbeidet, innleia Stina Ekren Ytreland i Karmsund Havn. Infrastrukturen byrjar ta form. No er emisjonen og den nye aksjonæravtalen med Hovlandshagen Invest AS, Karmsund Havn Eiendom og Bømlo kommune nærast klar. Den skal underteiknast på ekstraordinær generalforsamling 9. desember, opplyste Ytreland.
På spørsmål frå varaordførar Ragnfrid Sønstabø (H) kunne Ytreland opplysa at dei opplever god interesse for etableringar i fiskerihamna. Det er difor viktig å få sett sluttdatoar for dei ulike prosjekta, samt få etablert dei rette aktivitetane som gagnar næringslivet, kommunen og samfunnet.
- Driftsavtalen med Karmsund Havn er veldig viktig, meiner kommunedirektør Aga Gjøsæter. Sjølve hamnedrifta utgjer ein del, medan hamneutviklinga utgjer ein større og kanskje viktigare del av samarbeidet med Karmsund. Det er store planar både på Serklau og Rubbestadneset i tillegg til Hovlandshagen, næringsområde kor Karmsund er involvert og som kan ha positive synergiar seg imellom. Vidare er det veldig viktig å ha ein langsiktig plan for tilskotsordningar, og at det offentlege har ein eigarandel i prosjektet stor nok til å kunne gjere seg nytte av desse finansielle moglegheitane og musklene også i framtida.
Formannskapsmedlemene var særs nøgd med utviklinga og alt som allereie er gjort i fiskerihamna.
Hovlandshagen utvikling AS
- Bømlo kommune
- Karmsund Havn Eiendom
- Hovlandshagen Invest AS
Hovlandshagen Invest AS er eigd av:
- Eidesvik Invest AS
- M. Eidesvik & Sønner AS
- Napier AS
- Lønningen Fiskeri AS
- Trygvason AS
- Caiano Eiendom AS