Fagansvarleg arealplan Renate Torkelsen orienterer om vask av KPA-planen i formannskapet 28.08.2025.
Simon Knutsson Sortland
Formannskapet vedtok samrøystes å tilrå kommunestyret å ta opp eit lån på inntil 22, 5 mill. kr til finansiering av utbygging av kai og RORO rampe i Hovlandshagen, Langevåg. Lånet vert finansiert gjennom utleige av kai og RORO rampe til Hovlandshagen Utvikling AS, selskapet som er etablert for å utvikle Bømlo fiskerihamn. Dei var også svært positive til meldingssaka om forretningsplan for Bømlo fiskerihavn.
Saksprotokoll og møteinnkalling formannskapsmøtet 28.08.2025
Sterk vekst - men framleis uro
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjæsæter kunne i si orientering melda om god kontroll på drifta, sterk vekst i skatteinngang men ei framleis uro for prognosane og mogleg ROBEK-registrering. Særs positivt var driftsrapporten som til og med juli viser eit mindreforbruk i drifta på kr 15,2 millionar kroner. Prognosen er likevel negativ med kr 3,6 millionar kroner og kommunen må ha kr 12,3 millionar kroner i pluss for å unngå ROBEK. Med denne prognosen vil kommunen få eit driftsresultat på kr 8,7 mill. kr som ikkje vil vere stort nok til at me unngår ROBEK registrering.
Uroa gjeld særleg for kostnadsvekst på brann- og redning (fleire store brannar og framleis ikkje kompensasjon for helseoppdrag), barnevernet (drift og tiltak), institusjonane våre (vikarkostnadar) og legetenesta. I tillegg går rentene noko saktare ned enn venta. I tillegg vil inntektene våre knytt til integrering av flyktningar gå ned med ca. 3 mill. kr netto som følgje av IMDI si endra oppmoding frå 50 til 35 flyktningar
Skatt- og inntektsutjamninga er vesentleg høgare enn budsjettert, men ikkje store nok til å kompensere meirforbruket fullt ut. Skatteinngangen i juli viste ein auke på heile 16,1% frå juli i fjor. Den gode skatteinngangen lokalt held fram. Samla så er skatteinngangen og inntektsutjamninga 3,8 mill. kr betre enn budsjett. Skatteprognosen for 2025 er 7 mill. kr i meirskatteinntekter i forhold til revidert budsjett.
Kommunedirektøren er også nøgd med at utbygginga av kjøkenet ved Bømlo bu og helsesenter er i rute, mykje takka vere stor innsats frå kommunen sine eigne tilsette. Entreprenøren Engevik og Tislevoll starta på sitt prosjekt måndag 18. august. Kjøkenet vert drifta frå Servicesenteret på Moster i ombyggingsfasen. Brakkene ved Meling skule er klare til å takast i bruk i byrjinga av september.
Kommunen har for tida tre stillingsutlysingar i sentraladministrasjonen for ny innkjøpar, økonomisjef og ein prosjektutviklar knytt til helse og omsorg (HSO) sitt arbeid med bustadutvikling, samhandling og framtidig tenestetilbod. Det er søkt Husbanken om prosjektmidlar til stillinga som skal arbeida med å bidra til å sikra framdrift i dei ulike byggprosjekta.
Midlertidig dispensasjon for fritidsbustader til bustadføremål
Formannskapet fekk også ei orientering om stoda kring midlertidig dispensasjon for fritidsbustader til bustadføremål. Juridisk rådgjevar eigedom/eigedomsskatt Monica Korsvik Sætre kunne opplysa at rundt 10-15 personar har bede om informasjon eller hjelp om korleis gå fram for å søkje då dette er søknadspliktig etter Plan- og bygningslova (PBL).
Det er andre byggtekniske krav til fritidsbustader enn fast bustad, og du må søkje bruksendring. Det må og søkjast dispensasjon frå reguleringsformål/planformål. Det er vidare ei utfordring at PBL ikkje legg opp til dispensasjon til privatpersonar, men til eigedomen. Sætre understreka at dei hjelper så godt dei kan og forstår at dette er komplisert.
Fleire formannskapsmedlemer uttrykte at dette verkar uhyre komplisert, og at med reglane kommunestyret vedtok burde dette vore mykje enklare. Dei ville difor vite korleis det står til i nabokommunane. Svaret er at det er gått gjennom nokre søknadar i Fitjar kommune, og i Stord er det ein søknad på vent.
Skulestart og auka folketal
Etter andre kvartal er me 12 446 bømlingar. Fødselsoverskot er på 6 og auken i tal innbyggjarar er 50. Skulestart for alle grunnskulane var 18. august. Det er 1587 elevar i Bømloskulen i skuleåret 25/26, noko som er 47 færre enn i førre skuleår.
Under orienteringa frå kommunedirektør og ordførar kom det også fram at dei nye og større redningshelikoptera som kjem i drift ikkje vil kunne landa på skuleplassen ved Espevær. Etter opplysningar om at ballbingen ville bli forsøkt etablert annan stad på øya er formannskapet no innstilte på sal utan deling av eigedomen. Dermed kan eit eventuelt hinder for sal av Espevær skule, der kommunen har ein interessent, vere rydda av vegen. Det vart også orientert om status i Storavatnet burettslag der BKE eig 5 av 8 leilegheiter.
Det vart også opplyst om tankar for ein felles reguleringsplan på Moster med mellom anna prosjektet med omsorgsbustader på Banktunet og Moster amfi sine behov vil ivaretakast. Ordføraren inviterte også til offisiell vegopning på Moster 15. september. Formannskapet planlegg også ein tur til Austevoll eller invitera dei til Bømlo for å læra om korleis dei har jobba med bustadprosjekt for eldre og organisering av eldreomsorga.
Gir 25.000 kroner til TV-aksjonen
Atlas-alliansen har fått årets TV-aksjon. Tradisjonen tru gir Bømlo formannskap 2 kroner pr innbyggjar, og i år er folketalet auka så dei vedtok å gi 25.000 kroner i staden for dei 24.000 i saksinnstillinga.
Formannskapet stilte seg også positive til Budsjett 2025, verbalpunkt 14: open hall som eit lågterkseltibod for uorganiserte. Dei vedtok samrøystes sakene om endring i samarbeidsavtalen med Vest brann og redning, lokal særavtale om arbeidstøy, revisjonen av etiske retningslinjer for tilsette og folkevalde, og nei til ein søknad om fritak for eigedomsskatt.
Dagleg leiar Leif Kåre Natterøy orienterer om brannen på Viergo til Bømlo formannskap 28.08.2025.
Simon Knutsson Sortland
Imponerande handlekraft i Viergo
- Brannen 3. juni var eit dramatisk vendepunkt for Viergo, men dei tilsette har takla situasjonen med imponerande handlekraft og samhald, fortalde dagleg leiar Leif Kåre Natterøy i si orientering til formannskapet.
Allereie to-tre dagar etter brannen var dei tilsette i gang med kleslevering, takka vere god hjelp frå Etne og Vikøy – no vidareført til Uni-K og Vikøy. Kaféen har halde ope kvar einaste dag, og snikkaren har fått til aktivitet frå tørkehuset, trass i avgrensa maskinpark. Dette hadde ikkje vore mogleg utan ein arbeidsstokk som er løysingsorientert, positiv og står på for kvarandre, understreka Natterøy.
Særleg viktig er det å løfte fram korleis dei tilsette har takla situasjonen. Mange av dei har behov for stabilitet, forutsigbarheit og tett oppfølging i arbeidskvardagen. Likevel har dei møtt utfordringane med ei imponerande evne til å tilpassa seg. Dei har vore positive, bidratt aktivt, snudd seg rundt og stått på – og har klart å skapa meiningsfylt arbeid og god struktur i ein krevjande situasjon. Dette seier mykje om både arbeidsmiljøet og den sterke kulturen som finst på Viergo.
Natterøy peika og på at det er krevjande for arbeidsleiarane som strekk seg langt for å få endane til å møtast, ting endrar seg fort og me driv stadig med ombygging for å tilrettelegga best mogleg på Viergo for alle avdelingane. Dette fører til at det blir problematisk og for mat/jobbfrukt og kantine når me treng plassen til klede.
Planar framover
Forsikringssaka er løyst med kontantoppgjer, og sidan bygget ikkje var formålstenleg, opnar dette for å tenkja nytt. Viergo AS ser føre seg påbygg og renovering av hovudbygget først, og deretter eit eige bygg til snikkaren. Dette vil gi ein meir straumlinjeforma drift – med mat i 2. etasje og vaskeri i 1. etasje. Me jobbar også med løysingar for å fase ut gass og sikre eit godt avløpssystem for framtida., forklarte Natterøy.
Forventningar til kommunen
For å sikra vidare drift og kvalitet i tilboda våre, treng me auka medfinansiering i VTA-tiltaket. Bømlo ligg i dag på minimumsnivå (25 %), og ei auke vil gi moglegheit til å finansiere nytt bygg, lease utstyr og sikra tiltaksplassar – utan at eigarane må tilføre kapital.
- Me tilrår at kommunen ser på korleis ein kan etablera system og rutinar som sikrar rask respons ved framtidige hendingar. Det kan vere avgjerande for å unngå permitteringar og konkursar, og for å ta vare på viktige arbeidsplassar, meiner dagleg leiar Leif Kåre Natterøy.
Slik ser Viergo for seg fasaden på nybygget.
Viergo