Gode relasjonar heile livet

Eit godt liv handlar mykje om å ha folk rundt seg, om å bli sett og å ha nokon å dele oppturane og nedturane i livet med. Nokon treng mange, nokon treng få, men alle treng nokon.

To eldre hand i hand på skogsveg - Klikk for stort bileteGode relasjonar heile livet er viktig. Aldersvennlig Norge

Når vi har menneske rundt oss som vi bryr oss om, og som bryr seg om oss, kjenner vi oss tryggare og gladare. Faktisk viser forsking at å ha gode sosiale relasjonar er viktigare enn den positive effekten du får av både trening og sunt kosthald til saman. Dette blir sannsynlegvis endå viktigare når du er ferdig med å jobbe. For plutseleg har du meir tid til å gjere dei tinga du alltid har hatt lyst til, men kanskje færre å bruke ho med. Difor er pleie og vedlikehald av venskap noko du bør ha i tankane allereie før du går ut av arbeidslivet. På den andre sida krev noko av oss å bli kjent med nye menneske, og mange synest det er vanskeleg å ta initiativ til kontakt. 

Her er nokre tips til korleis du kan stifte nye kjentskapar:

  • Kom deg ut! Gå ein tur i nærområdet kvar dag, hels på naboane, og kanskje ta deg ein kaffi på kaféen i nærleiken. Etter kvart vil du garantert møte på dei same menneska fleire gongar, samtalane kjem naturleg i gang, og du blir kjent med nye folk.
  • Meld deg inn i foreiningar eller delta på kurs eller aktivitetar der du kan møte andre med liknande interesser, som målekurs, matlaging eller gruppetrening.

På døra 24.-30. mars (PDF, 4 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 12 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er gode relasjonar heile livet. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS held Bømlo kommune fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor fram til medio juni i år. Me testar ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.