Gratis kjøken frå BBH – mot henting

Har du bruk for eit kjøken til naust, hytte, garasje eller bod? I samband med renovering av leilegheiter i sokkeletasjen på BBH gir me vekk brukte kjøken gratis mot henting. Første mann til mølla-prinsippet gjeld.

bilete av kjøken - Klikk for stort bileteGjenbrukskjøken på BBH. Ane Agdestein

Kjøkena er frå 1997 og held funksjonell stand, men dei ber preg av mange års bruk. Du får det du ser på bileta. Me tek atterhald om mindre skadar utover vanleg bruksslitasje.

Dette følgjer med

Kjøkena består av:

  • vask med to kummer og avrenningsplate
  • underskap
  • benkeplate
  • hjørneskap
  • skuffeseksjon
  • overskap
  • overskap med krydderhylle
  • ventilator med kolfilter
  • handtak

Kvitevarer som oppvaskmaskin, kjøleskap og komfyr følgjer ikkje med.

Henting

Me demonterer og flatpakkar kjøkena før utlevering. Du må henta kjøkenet etter arbeidstid. Når du har meldt interessa di, får du informasjon om dato og tidspunkt for henting.
Det vil ikkje vera mogleg å sjå kjøkena før utlevering.

Meld di interesse

Frist for å melda interesse er 28.09.2026.

Har du spørsmål eller ønskjer å melda interesse, kan du kontakta:
Prosjektutviklar Ane Agdestein
Send e-post

bilete av kjøken - Klikk for stort bileteGjenbrukskjøken på BBH. Ane Agdestein