Gratis workshopar for ungdom: Klatring, gatekunst, podkast og låtskriving

Etter gode tilbakemeldingar i fjor blir det ny runde med gratis workshopar for ungdom mellom 13 og 24 år på Bømlo. Frå oktober til januar kan ungdomar vera med på ti ulike workshopar, heilt gratis. Påmeldinga er no open.

ungdomar dansar - Klikk for stort bileteDanseworkshop i prosjektet Me høyre te. Bømlo kommune/John Henrik Staveland Sæter

Bømlo kommune inviterer ungdom til ein haust og vinter med kunst, handverk, musikk, rørsle og samtale. Workshopane er ein del av prosjektet «Me høyre te», som skal bidra til at fleire ungdomar kjenner seg trygge, inkluderte og som ein del av fellesskapet.

– Å høyra te handlar ikkje berre om å vera med. Det handlar om å kjenne at det er plass til deg. Det er tanken bak heile prosjektet, seier rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen.

Les meir om Me høyre te

Bømlo kommune gjennomførte eit tilsvarande prosjekt i fjor, og både ungdomar og føresette gav svært gode tilbakemeldingar på workshopane. Fleire av arrangørane som var med i fjor, er også med i år. Frå workshopane i fjor vart det også laga ein film. Sjå filmen frå workshopane i 2025 her.

Noko for mange

Programmet spenner vidt. Her kan du lage linosnitt med Bømlo Kunstlag, prøve måling, teikning og ebru med Føniks Akademi, eller klatre med Ungdomskontakten. Bømlo husflidslag lærer deg å sy om og reparere klede og å veve ditt eige band, og saman med Alexander Günther kan du lage gatekunst. Det blir òg yoga, podkastverkstad, låtskriving med Morild og teater om demokrati på Moster Amfi.

Du treng ikkje ha erfaring frå før. Det viktigaste er ikkje kva aktiviteten heiter, men kva han kan bety for dei som er med: gode opplevingar, nye folk å bli kjent med og kjensla av å få til noko.

Slik melder du deg på

Påmeldinga skjer gjennom eitt felles skjema: Meld deg på workshopane her. Du kan også skanne QR-koden på plakaten. Du kan melde deg på så mange workshopar du vil. Står det «(full)» bak ein workshop, kan du likevel melde deg på og få plass på venteliste. Merk at fristen for den første workshopen, linosnitt, er allereie søndag 4. oktober.

Oversikt

Meir på gang: Svingkurs, konsert og samling for frivillige

I tillegg til workshopane får alle 10.-klassingane i Bømlo tilbod om svingkurs i god tid før skuleballet. Kursa blir arrangerte av Bømlo ungdomsråd og Kom og dans, i samarbeid med ungdomsskulane i kommunen. Det ser også ut til å bli ein konsert for, med og av ungdom i Rubbhallen i januar. Ikkje alle detaljane er klare enno, så følg med for meir informasjon.

I januar blir det i tillegg ei samling med temaet «Utanforskap – innanforskap». Her skal me snakke om kva som skal til for å skape eit godt samfunn for flest mogleg. Samlinga er for frivillige i lag og organisasjonar i Bømlo, som møter ungdom kvar veke og er viktige for at fleire skal kjenne at dei høyrer til.

Kvifor gjer kommunen dette?

Mange ungdomar i Bømlo har gode vener, trygge vaksne og aktivitetar dei trivst med. Samstundes er det ungdomar som kjenner seg utanfor, eller som opplever mobbing, rasisme, hatprat eller sårande språk. «Me høyre te» skal gi fleire trygge stader å vera, fleire gode vaksne å møte og fleire opplevingar der ungdom kan kjenne at dei høyrer til. Prosjektet er både for dei som allereie har funne plassen sin, og for dei som treng ein ny veg inn.

Workshopane blir laga i samarbeid med lokale lag og organisasjonar, som kjenner både nærmiljøet og mange av ungdomane som bur her.

Bømlo kommune har teke initiativ til prosjektet og organiserer det. Finansieringa kjem i hovudsak frå Sekretariatet for konfliktråda, gjennom ei ordning som skal hindre at unge fell utanfor og blir trekte mot miljø med hat, truslar eller vald. Målet med ordninga er å gi unge gode fellesskap, fleire trygge vaksne rundt seg og meir respekt for kvarandre.

Meir informasjon

Kontaktpersonar:

Johanne Kristiansen, tlf. 453 82 642 

e-post: johanne.kristiansen@bomlo.kommune.no

John Henrik Staveland Sæter, tlf. 975 52 121 

e-post: john.henrik.saeter@bomlo.kommune.no

Les meir om Me høyre te