Gult farevarsel - unngå bål no

- Me får mange telefonar om bål og open eld ute no. Folk ynskjer å kosa seg på skeiseisen og kanskje tenne opp eit grillbål. Men det er knusktørt, og det er sendt ut gult farevarsel for skogbrannfare i Vestland, minnar brannsjef Ove Halleraker i Bømlo brann og redning om.

illustrasjon folk på skeiser og grillbål - Klikk for stort bileteUnngå open eld også ved islagde vatn når det er knuskstørt. ChatGPT

Farevarselet gjeld frå måndag 26. januar 2026, og er varsla å minka fyrst mot slutten av veka. Difor ynskjer brannvernet å minna om reglane og om ansvaret kvar og ein har for branntryggleiken.

Kulda hindrar ikkje brann

Når det er så tørt som no, kan gras, lyng og annan vegetasjon ta fyr svært lett. Kulde gjer ikkje nødvendigvis at brannfaren forsvinn. Vind og tørre forhold er det som tel mest. Meteorologane rår difor frå bruk av open eld i område som kan ta fyr.

- Mange spør oss om det er greitt å tenna bål på land ved islagde vatn. Det er ofte nett der det ligg mykje tørt gras, siv og lyng i strandsona. Ein liten gnist kan vera nok. Glør kan òg flytta seg med vinden. Difor ber me om at du let bålet vera no, sjølv om det verkar freistande når vatnet er islagt, seier brannsjef Halleraker.

Nokre lurer kanskje på om bål på isen er tryggare. Det kan kjennast slik, men det har eigne risikoar. Eit bål smeltar isen under. Då kan det bli hol og svekka is der andre ferdast etterpå. Det kan òg bli vanskeleg å halda trygg avstand til råk og område med svak is. Med andre ord gir bål på is ikkje ein trygg “snarveg” når det er skogbrannfare.

Hugs at du alltid har plikt til å vera aktsam og hindra at brann oppstår. Det gjeld heile året og overalt. Det er òg verdt å minna om hovudregelen for resten av året. Frå 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i eller nær skog og utmark.

Gode tips

Vil du likevel ut og kosa deg, er det mykje som fungerer utan flammar. Ta med termos og varm drikke, og kanskje varme pølser på termos. Finn ein lun plass og nyt veret. Når det igjen kjem nedbør som monnar, og forholda blir tryggare, kan bål vera aktuelt på ein forsvarleg måte.

Ved brann ring 110. Følg med på oppdaterte farevarsel, sidan nivå og område kan endra seg raskt. 

Les meir om bål og grill