- Det er absolut ingen grunn for mannfolk å ikkje velge eit yrke innanfor helse, slo miljøarbeidar Håkon Paulsen fast. Her saman med helsefagarbeidar Cathrine Fosen, sjukepleiar Cathrine Halleråker og kokk Tonje Storø Aasheim.
Simon Knutsson Sortland
Elevane i 8. klasse ved Bremnes ungdomsskule fekk ein litt annleis time då Håkon Paulsen, miljøarbeidar i Habiliteringstenesta, men kanskje betre kjend frå ulike roller i det lokale teaterlivet vitja dei på Bedriftens dag torsdag 15. mai. Saman med sjukepleiar Cathrine Halleråker, helsefagarbeidar Cathrine Fosen og kokk Tonje Storø Aasheim orienterte han om yrkesval og utdanningsvegar innan helse.
Fleire menn i helse
- De ser at eg er den einaste her utan uniform, men i min jobb er det ikkje eit krav. Eg har ingen utdanning innan helse, men får opplæring i jobben. Eg kan ta utanning og fagbrev mens eg jobbar, så det er bra, fortalde Paulsen. Det vil alltid vere behov for arbeidskraf innan helse, så det er eit trygt yrkesval. la han til.
Han fortalde om mange kjekke oppgåver og aktivitetar han gjer saman med brukarar, om lange og gode samtalar, sykkelturar og mykje fart og spenning. Men også oppgåver som oppvask og husvask.
- Om de trur å jobba innan helse berre er å hjelpe folk å gå på do eller dusje, så er det så mykje meir enn det. Dessutan er det ein topp jobb også for oss mannfolk, noko heldigvis fleire og fleire menn innser, kunne han fortelja elevane som hadde fleire gode spørsmål om både oppgåver og utdanninsvegar.
Lite kjedsomheit
- Er det mykje kjedeleg på jobben? ville ein elev vita.
- Ikkje alt er like kjekt, men slik er det i alle jobbar. Det er variert og spennande, og lite kjedsomheit, svara helsefagarbeidar Cathrine Fosen. Ho orienterte om korleis ein blir helsefagarbeidar og kva ein kan ta av vidare utdanning. Når du etter endt arbeidsdag har hjulpe ein person få ein lit betre dag, då får du ein god dag.
- Eg gler meg til å gå på jobb kvar dag, og me får bestemma mykje av arbeidsdagen vår sjølv, la kokk Tonje Storø Aasheim til. Ho hadde laga sjokoladekake som elevane fekk smaka etter presentasjonen.
- Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, me utgjer ein forskjell og me skapar tette bånd både til brukarane og dei pårørande. Det er utruleg givande, understreka Paulsen.
Moderne velferdsteknologi
- Dette er første gangen me er på ei slik yrkesorientering her på ungdomsskulen for å gjer helse- og omsorgsyrka betre kjend. Elevane er godt førebudde med gode spørsmål. Dei er kjempeflinke, skryt sjukepleiar Cathrine Halleråker frå Bømlo heimeteneste. Ho starta orienteringa om ulike utdanningsløp og mange moglege retningar å ta dersom du har sjukepleiarutdanning i botn, til dømes jordmor.
Halleråker fortalde og demonstrerte korleis ein vanleg arbeidskvardag i heimetenesta ser ut. Frå ho pakka sekken til besøka ute hos brukarane og når ho kom heim att. Ho demonstrerte også moderne velferdsteknologi, noko ho meinte dagens elevar og framtidige helsearbeidarar hadde veldig godt grunnlag for å meistra.
- Når eg kjem heim etter endt arbeidsdag kjenner eg på kor heldig eg er som kvar dag får gjere ein forskjell i folk sine liv. Det gir meg ei utruleg god kjensle. Eg føler eg har ein utruleg spennande og givande arbeidskvardag.
Utdanningsval og samarbeid med næringslivet
Rådgjevar Tina Røyrvik opplyser at Bedriftens dag er noko alle våre tre ungdomsskular på Hillestveit, Moster og Bremnes arrangerer for 8. trinn som del av faget Utdanningsval.
- Me inviterer inn lokale bedrifter som får presentert seg sjølve og kva arbeidsfolk dei treng. Slik blir elevane betre kjend med sitt lokale næringsliv og ulike yrker det er behov for her. Vonleg inspirerer det nokon og at dei lærer noko nytt, seier Røyrvik.
Elevane sirkulerer mellom klaseromma der dei i år fekk møta Bømlo bu og helsesenter som stilte med fire ulike fagpersonar, LOS gruppa, Steinsbø Hus og B&G Vest (tidlegare Landmark maskin). Desse elevane får hospitera i ulike yrker på 9. og 10. skuletrinn.