Hald deg oppdatert

Visste du at me har direktesending av kommunestyremøta våre? Eller at du kan få ei personalisert utgåve av nettsida vår?

politisk møte i stor sal med storskjerm bak - Klikk for stort bileteBømlo kommunestyre organiserte seg i hestesko frå 2026. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommunestyre sine møter er alltid på ein måndag klokka 16.00 (om ikkje anna vert oppgitt). Dei er opne for ålmenta både fysisk i kommunestyresalen i rådhuset på Svortland og via vår direktekanal på nettsida vår: https://bomlo.kommunetv.no/

Sendinga vert arkivert og teksta slik at du kan gå tilbake om du ikkje får med deg direktesendinga.

Oversikta over dei komande kommunestyremøta som blir direktesendt i 2026:

  • 23. mars 
  • 4. mai
  • 8. og 22. juni (Politisk møte budsjettrevisjon 2026)
  • 21. september
  • 26. oktober (Kommunedirektøren presenterer budsjett for 2027)
  • 2. november 
  • 7. og 14. desember (budsjett for 2027)

Følg med på heimesida vår www.bomlo.kommune.nounder Politikk for å fi nna føromtalar, møteinnkallingar og protokollar.

TIPS: Last ned Innbyggjarappen vår for å følgja med på det du er oppteken av. Les nettsideartikkelen vår: Ta i bruk Innbyggjarappen for Bømlo kommune.

På døra veke 12 (PDF, 554 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetskalender 16.-22. mars 2026.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 12 i informasjonsskrivet På døra er Hald deg oppdatert. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar.