Ta i bruk Innbyggjarappen for Bømlo kommune

Bømlo kommune lanserer no Innbyggjarappen. Den speglar innhaldet frå nettsida vår, men du kan tilpassa den til det du er mest oppteken av og få direktevarslar som du kan abonnere på.

plat med illustrasjon og utsikt frå fjell - Klikk for stort bileteBømlo innbyggjarapp er personalisering av nettsida vår.

Innbyggjarappen er vår nye mobilkanal mellom deg og Bømlo kommune. Appen speglar innhaldet frå hovudnettsida vår bomlo.kommune.no, men er tilpassa deg og det du er mest oppteken av. Målet er å gjera informasjon og kontakt med kommunen enklare, og senka terskelen for å ta kontakt.

– Me prøver heile tida å betre vår kommunikasjon, og for oss er god dialog med innbyggjarane ein føresetnad for å kunna levera gode tenester. Med innbyggjarappen gjer me det enklare å få oversikt, enklare å ta kontakt og enklare å gi tilbakemeldingar til kommunen. Appen gjer at me kan målretta og tilpassa informasjon betre, slik at fleire får det dei faktisk treng når dei treng det, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Motta varslingar

I appen finn du nyheiter, tenesteinformasjon, kommunekalender og aktivitetsoversikt. I tillegg er det lenker til sentrale tenester som innsyn, skjema og timebestilling med saksbehanlarar. Du kan få direktevarsel når nye artiklar vert publisert på nettsida vår eller viktige meldingar om til dømes endringar i tenester og anna driftsinformasjon. 

Du kan òg tilpasse appen til din kvardag. Er du ungdom, småbarnsforelder eller senior kan du velge det innhaldet som er mest mogleg relevant for deg. 

Både ordførar og strategisk leiargruppe vil dele korte oppdateringar, forklaringar og kommentarar til saker som er viktige for innbyggjarane våre. Desse finn du under “Ordføraren har ordet” og “Frå rådhuset”.

Rettleiingsvideo om Innbyggjarapp Bømlo kommune

Møt oss i felten

Bømlo kommune vil i lanseringsperioden i veke 51 besøkja Moster, Langevåg, Finnås og Rubbestadneset i tillegg til Svortland. Me ynskjer kontakt med innbyggjarane for å få tilbakemeldingar og kanskje gode tips, samt kunne gi svar på eventuelle spørsmål om bruk av appen. Me vil også samarbeida med Bømlo frivilligsentral via deira program Datahjelp for alle.

Her er vår “Turneliste” 15.-17. desember:

  • Langevåg bygdatun - Tysdag 16.12 kl. 10.00-11.00
  • Joker Finnås - Tysdag 16.12 kl. 11.30-12.30
  • Kiwi Moster - Tysdag 16.12 kl. 13.00-14.00
  • Kiwi/Annekset (Gamleskulen) Rubbestadneset - onsdag 17.12 kl. 11.30-13.00
  • HiSio/Sams senter - Onsdag 17. 12 kl. 14.00-15.00
  • Kafed`n i byd`n HSD-senteret - Onsdag 17.12 kl. 15.00-16.00

 

Slik lastar du ned Innbyggjarappen

For iPhone
1.    Opne App Store (den blå ikonen med A).
2.    Skriv «Innbyggerappen» i søkefeltet.
3.    Trykk på Last ned (den blå knappen).
4.    Når appen er ferdig, opne den og vel Bømlo kommune.
5.    Tillat varslingar når appen spør – då får du viktige meldingar.

For Android
1.    Opne Google Play (den fargerike trekanten).
2.    Skriv «Innbyggerappen» i søkefeltet.
3.    Trykk på Installer.
4.    Når appen er ferdig, opne den og vel Bømlo kommune.
5.    Tillat varslingar når appen spør.

Tips: Appen er gratis. Du treng ikkje lage brukar eller passord. Når du har valt Bømlo kommune, får du nyheiter og meldingar direkte på mobilen.