Heildagsverkstad for kommunestyrepolitikarane

Kommunestyrerepresentantane er kalla inn til ein heildagsverkstad i forkant av kommunestyremøtet måndag 16. juni. I den politiske verkstaden vert det orienteringar og diskusjon kring dispensasjonssaker/planvask, status for drift 2025 og budsjett og økonomiplan 2026-2029. Budsjettrevisjon 2025 skal også opp som sak i kommunestyremøtet. Møtet er ope for publikum.

Dei største sakene på dagsordenen i dette møtet er framlegg til endeleg vedtak for Kommuneplanen sin samfunnsdel - KPS 2025-2035, budsjettrevisjon 1. halvår 2025 og framtidig bruk av Foldrøy skule. Årsrekneskapen 2024 med årsmelding skal godkjennast og ein føreslår å avvikla refusjonsordninga av kremasjonsavgift som medfører ei budsjettendring.

Sjå saksliste og innkalling kommunestyremøte 16.06.2025

Sjå direktesendt kommunetv-sending 16.06.2025

Sakslista

OT 4/25 Open talarstol
GK 4/25 Godkjenningssak
OS 4/25 Orienteringssak
ME 10/25 Møteplan for folkevalde organ 2026
ME 11/25 Verbalpunkt 16: Alternative vedtak i politiske saker
ME 12/25 Budsjett 2025 verbalpunkt 17 - Utgreiing interkommunalt planarbeid
ME 13/25 Rapportering til kommunestyret 2025 om internkontroll og statleg tilsyn jf. kommunelova §25-2
ME 14/25 Signert årsmelding Bømlo kulturhus
ME 15/25 Protokoll representantskapsmøte og årsmeldning 2024 Krisesenter vest IKS
ME 16/25 Innkalling til generalforsamling i Viergo AS
PS 28/25 Kommuneplanen sin samfunnsdel - KPS 2025-2035 - framlegg til endeleg vedtak
PS 29/25 Godkjenning av årsrekneskapen 2024 med årsmelding
PS 30/25 1 tertialrapport 2025
PS 31/25 Avvikla refusjonsordninga av kremasjonsavgift - budsjettendring
PS 32/25 Budsjettrevisjon 1 halvår 2025
PS 33/25 Framtidig bruk av Foldrøy skule
PS 34/25 Karmsund Havn IKS - Endring av selskapsavtalen § 6 og § 25
PS 35/25 Søknad om fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7a
PS 36/25 Endring av VIPartiet sin representasjon i Naturbruksutvalet og Utval for areal og samferdsel - Ny framstilling
SI 16/25 Spørsmål og interpellasjonar
SI 17/25 Ta opp at sak SI 15/25 kommunestyremøtet 16.06, Joar Nesse (VIPartiet) - endring av rutetider for kollektivtransport Føyno/Gassasundet    
SI 18/25 Spørsmål frå Joar Nesse (ViParti) til kommunestyret 16.06.25 vedk. sjukeheimstilbod og heimetenester    
SI 19/25 Spørsmål til kommunestyret 16.06.25 frå Frode Urangsæter (Frp) - vedk. manglande gjennomføring av vedtak om heimetenestebasar på Langevåg og Moster    
SI 20/25 Spørsmål til kommunestyret 16.06.25 frå Frode Urangsæter (Frp) vedk. avsette midlar i budsjett 2025 til ekstern gjennomgang av drift og effektiviteringspotensiale    
SI 21/25 Spørsmål frå Frode Urangsæter (Frp) til kommunestyret 16.06.25 - vedk. drift av eldreomsorga i Bømlo kommune    
SI 22/25 Spørsmål til kommunestyret 16.06.2025, Signe Lund Jansen (H) - Helsestasjon Langevåg    
SI 23/25 Spørsmål til kommunestyret 16.06.25 frå Marita Ådnanes (Krf) - Fritidskortet    
SI 24/25 Barnevern - interpellasjon juni 2025