Foreldre må tørre å stille dei viktige spørsmåla
«Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» var tema for kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen sitt innlegg under samlinga om "Ordet fangar".
Simon Knutsson Sortland
Barn og unge på Bømlo lever store delar av livet sitt på skjerm. Det påverkar søvn, læring, sjølvbilete og psykisk helse. Bodskapen er tydeleg frå kommunepsykolog Øivind Johnsen og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen at dette klarar me berre saman i heimane, på skulen og i barnehagen.
Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen gjekk rett på med føredraget «Skjermtid og sjølvbilete – korleis nettet formar oss» og understreka at skjermane forsvinn ikkje. - Difor må me snakka om korleis dei verkar inn på ungane våre og kva me som vaksne faktisk kan gjera.
Søvn er grunnlag for læring
Saman med kommunepsykolog Øivind Johnsen la ho fram funn som gir grunn til uro. Dei syner at fleire unge slit med einsemd, stress og dårleg søvn. Skjermbruk er ikkje den einaste forklaringa, men ho er blitt ein viktig del av kvardagen som det ikkje lenger går an å oversjå.
Søvn, skjerm og skulekvardag heng tett saman syner både lokale kartleggingar og nasjonale undersøkingar. Mykje peikar same veg, at mange barn får for lite søvn samstundes som ein stor del brukar fleire timar dagleg på skjerm.
– Søvn er grunnlaget for læring. Når barn kjem trøytte og overstimulerte på skulen, slit dei med å konsentrere seg. Det går rett på meistringa og motivasjonen, understreka Halvorsen. Ho forklarte korleis blått lys, raske bytte av inntrykk og sosiale plattformer held hovudet i høggir langt utover kvelden.
Når sosiale medium formar sjølvkjensla
Johnsen tok over med ei skildring av korleis sosiale medium skaper forventningar og press. – Ungdom samanliknar seg med perfekte liv som ikkje finst. Det tærer på sjølvkjensla, og mange kjenner på eit konstant krav om å prestere. Han minna òg om at det som skjer på nett, ikkje blir verande der.
– Mobbing og utestenging i digitale rom dukkar opp igjen neste dag i klasserommet. Skiljet mellom privatliv og skuleliv er borte, understreka kommunepsykologen.
Vil endra foreldremøta på Bømlo
Mot slutten av føredraget delte Halvorsen ein tanke om kva som kan bli eit viktig steg vidare, nemleg foreldremøta.
Halvorsen ønskjer at møta skal bli meir direkte og meir relevante for dagens digitale utfordringar. I staden for generelle orienteringar ser ho føre seg konkrete, opne spørsmål som gir foreldre høve til å reflektere over eigen praksis:
- Kva tid legg barnet seg?
- Korleis handterer familien skjermtid?
- Når får barnet tilgang til sosiale medium – og korleis følger de opp?
- Har de snakka saman om språkbruk og digital dømmekraft?
– Målet er ikkje å gi foreldre dårleg samvit, men å gi dei verktøy til å forstå samanhengar. Når vi oppdagar avvik tidleg, kan vi hjelpe tidleg, sa ho.
Felles ansvar og felles løft
Både Halvorsen og Johnsen avslutta med ei felles oppmoding. – Ingen vaksne kan løyse dette åleine. Barn treng at me er til stades og at me vågar å ta dei viktige samtalane. Det handlar ikkje berre om reglar, men om haldningar. Om å vere eit godt døme sjølv. Om å sjå barn som strevar, også når strevet er gøymt bak ei skjermflate.