Helsefagarbeidaren – ein nøkkelperson i framtida sine kommunale helsetenester

Bømlo kommune satsar på helsefagarbeidarar. Dette er ei yrkesgruppe som spelar ei viktig rolle i møte med aukande behov for helse- og omsorgstenester. 

Nyare undersøkingar viser at helsefagarbeidarar får meir fagleg ansvar og utfører fleire spesialiserte oppgåver enn tidlegare, noko som styrkjer både kvalitet og kontinuitet i tenestene.

Utviklinga er ein del av arbeidet med betre oppgåvedeling i helse- og omsorgssektoren, der målet er at kvar yrkesgruppe skal bruke kompetansen sin på best mogleg måte. Dette gjev helsefagarbeidarar større moglegheit til fagleg vekst – og bidreg til at kommunane står betre rusta til å møte framtidas behov.

Søk lærlingeplass i helsearbeidarfaget hos oss