Norsk Luftambulanse har instruksjonsvideo om korleis bruka hjartestartar.
Norsk Luftambulanse
- For å auka tryggleiken for oss alle, er det viktig å kunne finna ut kvar det er mogleg å få tak i ein hjartestartar dersom ulukka er ute, melde Frode Urangsæter (FrP) i sist formannskapsmøte. Han etterlyste informasjon om kvar hjartestartarar er plasserte rundt om i kommunen.
– Når eit hjarte stoppar, tel kvart minutt og sekund for å setje i gang livredding. Difor må det vere enkelt å finne ut kvar næraste hjartestartar er, seier fagutviklar Anette Baar i Stiftinga Norsk Luftambulanse.
Slik brukar du hjartestartar
I dag finst det meir enn 10 000 privat eigde hjartestartarar i det offentlege Hjartestartarregisteret som vert brukt av alle 113-sentralane i Noreg. 8400 av desse hjartestartarar er synlege for 113-sentralane, i appen Hjelp 113 frå Stiftinga Norsk Luftambulanse og på www.113.no, den nasjonale nettsida for førstehjelp i Noreg.
Kart over registrerte hjartestartarar i Bømlo kommune.Difor er også 113-appen fin å lasta ned til mobiltelefonen din, slik at du sjølv lett finn næraste hjartestartar om du treng det.
Hugs at informasjonen på hjartestartaren må oppdaterast i registeret kvar 6. månad. Elles vert den sett som "ikkje aktiv" og fjerna frå kartet.
Norsk Luftambulanse meiner det er viktig å melda inn hjartestartaren.
Kvifor kan du lese om her: Meld inn hjertestarteren - Norsk Luftambulanse
Kart over Svortland (15.10.25 kl. 08:25). Grøn merking = Hjartestartar tilgjengeleg no. Grå merking = Hjartestartar ikkje tilgjengeleg utanom opningstid.