Hillestveit-elevar skal måle krefter i finalen under Bergen Matfes­tival

Fire elevar frå Hillestveit skule på Bømlo skal måle krefter med ungdom frå Bergen når årets store sjømatkonkurranse for ungdom går av stabelen under Bergen Matfestival 5. september.

kokk instruerer tre skulejenter - Klikk for stort bileteMarita Brodin Monsen/Bergen Matfestival. Marita Brodin Monsen/Bergen Matfestival

Først publisert i Bømlo-Nytt 27. august 2025

Anna Pedersen, Sandra Sivertsen, Tølly Sofie Strand og Regine Eidesvik kvalifiserte seg etter å ha søkt om plass, i konkurranse med over 20 ungdomsskular i Bergen og omegn.

Øving i Fløirestauranten

– Elevane har nær kunnskap til kystkulturen, og sjømat er eit sentralt tema i mat- og helsefaget på Hillestveit. Dei har vore svært motiverte for å bli med i konkurransen, fortel Marita Brodin Monsen, prosjektleiar i Bergen Matfestival.

Måndag denne veka var elevane på Fløirestauranten på Fløyen, der dei fekk øve saman med kokk Bjarte Finne. Han er ein av fleire mentorar som følgjer laga fram mot finalen.

Finalen i sjømatkonkurransen blir arrangert fredag 5. september klokka 12–13 på scenen på Festplassen. Temaet i år er «Digg sjømat i farta», og laga skal overtyde både publikum og dommarar med raske, smakfulle og kreative sjømatrettar.

Dei tre skulane som møtest er:

Prestisjefull konkurranse

Kvar klasse stiller med sitt kokketeam av elevar som skal tilberede og presentere retten sin direkte på scenen på Festplassen midt i Bergen sentrum. Dommarpanelet vurderer smak, kreativitet, presentasjon og relevans til temaet. Vinnarlaget får tittelen «Årets Godfisk-klasse 2025» og ein gavesjekk på 10.000 kroner.

Konkurransen er eit samarbeid mellom Godfisk.no og Bergen Matfestival, og er ein del av festivalens langsiktige arbeid for å fremje lokal sjømat og matglede blant ungdom.

mannleg kokksaman med fire skulejenter - Klikk for stort bileteAnna Pedersen, Sandra Sivertsen, Tølly Sofie Strand og Regine Eidesvik (i tilfeldig rekkefølgje) er klare for finale under Bergen Matfestival 5. september. Her saman med kokk Bjarte Finne frå Fløirestauranten der dei fekk tips og øving denne veka. Marita Brodin Monsen/Bergen Matfestival