Saksutgreiing - Høyring av forskrift om teljetidspunkt for private barnehagar i Bømlo kommune
Frå 2027 gjeld ny finansieringsordning for private barnehagar. Bømlo kommune har berre private barnehagar og nyttar difor nasjonale satsar ved utrekning av driftstilskot. Kommunen må likevel fastsetja korleis barnetal og tal tilsette skal rapporterast som grunnlag for tilskot og pensjonstilskot. Kommunedirektøren legg fram forslag til lokal forskrift om teljetidspunkt for private barnehagar i Bømlo kommune. Forslaget inneber å redusere talet på teljetidspunkt frå fem til to per år: 15. august og 15. desember. Føremålet er ei meir føreseieleg, open og administrativt enklare ordning. Forskrifta regulerer ikkje satsnivået for tilskot.
Forskrift om teljetidspunkt for private barnehagar i Bømlo kommune
Innspel og merknader til forskrifta må sendast Bømlo kommune innan 03.11.2026
Digital innsending
Innspel kan òg sendast til kommunen per vanleg post:
Bømlo kommune
Leirdalen 1
5430 Bremnes
Merk saka: Innspel til ny Forskrift om teljepunkt for private barnehagar i Bømlo kommune.