Ergoterapeut Bianca Rolfsnes-Flock presenterte ulike løysingar under temadagen "Bu trygt heime".
Simon Knutsson Sortland
Denne gang vert det også informasjon på kveldstid Kl 18-20, då me ønskjer at pårørande som arbeidar på dagtid skal ha moglegheit til å komme.
Kva du kan gjere sjølv
Ergoterapeutane Bianca og Anne vil igjen ha informasjonsdag om kva du kan gjere sjølv for å tilretteleggja bustaden din for å kunne bu lengst mogleg heime. Tema blir kva du kan gjere med trappene, korleis badet kan bli funksjonelt, kva tilskot som kan søkast om, og kva du kan gjere med hagen for at du får brukt den lengst mogleg. Me tar også opp korleis du går fram dersom du vurderer å flytte. Foredraget vil ha same innhald som 15.november i fjor.
Velkommen både pensjonistar og pårørande!
Kor ynskjer du å bu?
7 av 10 eldre svarar at dei vil bu heime. Derfor føregår det ein bu lengre heime-kampanje i heile landet der ein rettar fokus på bustad.
For har du nokon gong tenkt på korleis din bustad vil fungere den gong du blir gammal, eller opplev skade eller sjukdom som gjer at du i periodar av livet ikkje er like mobil og har same overskot og kapasitet som i dag? Vil det vere enkelt å bevege seg rundt i bustaden din?
Eller kven vil du kunne ta i mot på besøk? Kan du ta imot barnebarn, naboen eller ein i vennegjengen din dersom dei får dårleg helse, og til dømes brukar rullator eller krykker? Ofte er det ikkje så mykje som skal til av endringar for at ein kan bu i eigen heim og ta imot besøk livet ut.
Derfor kan du spørje deg sjølv:
1. Kan du få bad, soverom, kjøkken, stova og inngang på same plan?
2. Kva skal til for at du får eit inngangsparti utan trappetrinn og tersklar?
3. Er det plass til vaskemaskin på badet (i staden for i kjellaren)?
4. Går det an å få fryseskap på kjøkkenet (i staden for fryseboks i kjellaren)?
5. Kan du ha behov for støttehandtak på bad og eller i andre rom?
6. Kan du fjerne dørtersklane, slik at det vert enklare å trille mellom romma?
7. Har du god oversiktsbelysning?