Innspel til trafikksikringsplanen – fysiske tiltak

Bømlo kommune er godkjend som trafikksikker kommune og det vert årleg gjennomført fysiske tiltak for å betra sikkerheita på vegane våre. Bømlo kommune skal no revidera den gjeldande trafikksikringsplanen. I planen er både fysiske og haldningsskapande tiltak omhandla. Innspelsrunden handlar no først og fremst om fysiske tiltak. 

Trafikksikringsplanen dannar grunnlag for kva tiltak som vert prioriterte i åra framover og er også grunnlag for å søkja om tilskotsmidlar frå m.a. Vestland fylkeskommune. 

Me ber no om innspel når det gjeld fysiske tiltak som de meiner bør inn i planen. Trafikksikringsgruppa i kommunen kjem til å gå igjennom alle innspela og det blir laga eit utkast til ein plan i løpet av hausten 2025. Planen er at denne vert send på høyring om lag i desember og planen skal handsamast politisk våren 2026.  

Alle kan komma med innspel, men det er fint om de tek kontakt med grendautval/krinslag/grendalaget der de bur før innsending, slik at det blir sendt mest mogleg samla innspel i frå bygda/krinsen.

Innspel som er komne inn i samband med tidlegare planarbeid vert gjennomgått av trafikksikringsgruppa, men det vert ikkje noko automatisk vidareføring av forslaga inn i den nye planen. Dersom de meiner at tidlegare innspel bør vera med i planen, ber me om ny innsending. 

Me ber om at innspela inneheld følgjande informasjon: 

Nummer på vegen (td. Fv18, KV1173) 
1.    Marker problempunktet/- strekninga i google maps/streetview)– link og legg ved utsnittet Google Maps
2.    Skildringa av problemet 
3.    Kva meiner du/de bør gjerast?

Send ditt innspel her innan 3. oktober 2025 

Vedlegg: 
Gjeldande trafikksikringsplan for Bømlo kommune (PDF, 3 MB)  Trafikksikring - Bømlo kommune