Trafikksikring

Bømlo kommune er trafikksikker kommune i 2020-2022. Me arbeider systematisk med trafikksikring både gjennom fysiske og haldningsskapande tiltak. Trafikksikringsplanen er grunnlag for arbeidet. 

Trafikksikringsplan 2020-2024

Trafikksikringsplanen inneheldt oversikt over ulykkesbiletet 2015-19, satsingsområde, økonomi, organisatoriske og fysiske tiltak. Dei prioriterte tiltaka og innspel i perioden blir følgde opp gjennom fire møter i året i kommuneadministrasjonen. Utval for areal og samferdsle får ei årleg meldingssak med status for tiltak og prioriteringar. Har du spørsmål eller innspel til trafikksikringstiltak, kan du ta kontakt med Lene Borgen Waage. 

Trafikksikringsplanen 2020-2024 (PDF, 3 MB)

Fysiske tiltak Trafikksikringsplanen 2020-2024 (XLSX, 33 kB)

Meldingssak til utval for areal og samferdsle om oppfølging av trafikksikringsplanen (april 2021) (PDF, 296 kB)

Haldningsskapande tiltak

I tråd med trafikksikringsplanen har Bømlo kommune ansvar for ei rekkje haldningsskapande tiltak:

Trafikksikker kommune

Trygg Trafikk har utarbeidd kriterium for ein trafikksikker kommune. Bømlo kommune har sidan 2017 hatt status som trafikksikker kommune, og vart i 2020 regodkjent for 2020-2022. Dette inneber at kommunen jobbar systematisk, heilskapleg og kvalitetsbevisst med trafikksikring. 

Til toppen