Innspelsmøter i grendautvala

Grendautvala i kommunen er i full gang med å arrangere sine årlege innspelsmøter. Dei inviterer inn bygdafolket til å møte kommunen sin administrasjon for å få orienteringar om kommunale planar og prosjekt, og kome med sine innspel til desse og ting dei sjølve er opptekne av.

sal med mykje folk ser på mann presenterer - Klikk for stort bileteBra oppmøte på Moster skule under innspelsmøtet til Moster grendautval. Simon Knutsson Sortland

Det er rådgjevar for folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen som held i trådane frå kommunen si side. Med seg har ho rådgjevar for kultur Elisabeth Holme Grønnevik og samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker. Seksjon for samfunnsutvikling med kommunalsjef Tone Stavland i spissen deltek og ofte saman med rådgjevarar frå sin seksjon. Frå politisk hald deltek ordførar Morten Helland eller varaordførar Ragnfrid Sønstabø om det høver slik.

Viktig møteplass

- Det er viktig å kunna møtast andlet til andlet og få snakka saman. For administrasjonen og oss politikarar er det viktigast å få høyra det de er opptekne av og melder inn. me ynskjer først å fremst å lytta til dykk, men og svara på spørsmål om me kan, seier ordførar Morten Helland. Han ynskte velkomen til Moster grendautval sitt innspelsmøte nyleg

- For oss i grendautvala, og for bygdefolket, er det viktig å følga med på kommunale planar og kome med våre innspel, repliserte grendautvalsleiar Gerd Nancy Notland.

Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker understreka kor viktige det er med folkeleg deltaking i viktige planar og prosessar kommunen driv med. Han understreka også dei fire viktige drivarane ordføraren kunne fortelja er ganske like for alle kommunar i Noreg. Det er demografiutviklinga med færre arbeidsaktive og aukande del eldre, rekruttering av arbeidskraft, økonomi og demokratiutvikling. Dette vil tvinga fram nye strukturar og måtar å løysa offentlege oppgåver og tenester på.

Stor innsats og engasjement

dame med mikrofon  - Klikk for stort bileteLeiar Gerd Nancy Notland orienterte om aktivitetane til Moster grendautval. Simon Knutsson Sortland

Etter orienteringa om kva grendautvalet på Moster driv med, og særleg prosjekt i samband med 1000-årsjubileet som Vetahaugen, var det tid for gruppeoppgåver. Her kom det fram mange gode innspel om kva mostringane er viktigast for bygda framover.

- Eg vil berre rosa den store innsatsen og engasjementet de frammøtte her i kveld og bygdafolket på Moster legg for dagen. Det er imponerande. Eg merkar meg særleg dei mange signala om å bygga opp om eit sentrum, og særleg med tanke på  alderdom og å skapa møteplassar der fleire generasjonar er saman, avrunda ordførar og sambygding Morten Helland.

Aktiv møtekalender

Grendautvala for Meling, Langevåg og Moster har no gjennomført sine innspelsmøter.  På tysdag 16. april er det årlege dialogmøtet for alle grendautvala og kommunen som vert halde i kommunestyresalen. Datoar for dei resterande innspelsmøta som er avklart ser førebels slik ut (sjekk grendautvala sine eigne informasjonskanalar for fleire detaljar):

  • 17.04: Goddo grendautval
  • 23.04: Finnås grendautval
  • 29.04.: Foldrøy grendautval
  • 02.05: Rubbestadneset grendautval
Til toppen