Debatten om landbruksinteresser og jordvern mot handelsnæring og lett industri var grundig i kommunestyret måndag kveld. To utsetjingsframlegg, framlegg å stoppa vidare planar for utbygging og framlegg om ni tilleggspunkt med krav til utbyggjarane frå VIPartiet fell alle i løpet av saka før fleirtalet etter halvannan times sakshandsaming vedtok reguleringsplanen med 15 mot 12 røyster. Planområdet utgjer ca. 290 daa.
Føremålet med planen er leggje til rette for både nærings- og bustadføremål, samt tilhøyrande trafikk-, leike- og friluftsområde. I vest er det planlagt om lag 200 bustadeiningar med ulike bustadtypar, medan austområdet skal nyttast til næring, inkludert kontor, butikkar og lett industri – men ikkje tung industri. Langs austgrensa vert det etablert grøntområde som buffer mot landbruksareal. Planarbeidet vil ha særleg fokus på arealutnytting, trafikkløysingar, renseavklaringar og tilpassing til terreng og landskap.
Representantane for Foldrøy Montessori skule AS måtte smøra seg med tolmod før kommunestyret tok opp saka om sin uttale til Utdanningsdirektoratet. UDIR har bedt om ein uttale frå kommunen av kva konsekvensar oppretting av ein privatskule kan ha for kommunen sin skulestruktur og økonomi. Både KrF og VIPartiet ville ha med positive uttalar i tillegg til administrasjonen sin uttale dei meinte var for negativt lada, medan Ap meinte dette var å gå tilbake på budsjettvedtaket der Foldrøy skule vart lagt ned.
Kommunestyret vedtok samrøystes å senda kommunedirektøren sin uttale. KrF sitt tilleggspunkt vart også vedteke med 22 mot 5 røyster. Det lyder slik: “Politisk uttale: "Me ser ein samfunnsmessig positiv effekt når kommunen kan tilby Montessori-pedagogikk til elevar som vil nyte godt av dette og til pedagogar som engasjerer seg for pedagogikken.” Framlegget frå VIPartiet fell med 11 mot 16 røyster.
Sjå arkivopptak frå kommunestyremøte 28.04.2025 (NB: Beklagar dårleg lyd i starten av møtet. Teksting kjem.)
Jamstore grupper delte seg i saka om stillingsgaranti for lærlingar innan helsefag.
Simon Knutsson Sortland
Fortrinnsrett - ikkje garanti
Formannskapet sitt fleirtalsvedtak om å gje lærlingar i Bømlo kommune garanti om fast stilling etter bestått fagprøve møtte motstand i kommunestyret. Mindretalet frå Høgre og KrF ville gå inn for kommunedirektøren sitt framlegg der lærlingar må søkja på lik line med andre søkjarar. Eit framlegg frå FrP om å sikra lærlingar fortrinnsrett til faste stillingar innan helse- og omsorg kom Ap sitt fleirtalsvedtak frå formannskapet i møte, og var akkurat nok til å sikra eit fleirtal på 14-13.
Hovudargumenta for garantien var å senda eit sterkt signal til ungdom at me tek dei på alvor og vise kommunen som attraktiv arbeidsplass. Vidare å styrka omdøme til kommunen i konkurranse med andre kommunar. Mindretalet gjekk for kommunedirektøren sitt framlegg. Dei peika mellom anna på at garantien ville slå skjeivt ut for til dømes lærlingar frå andre kommunar.
Bømlo kommunestyre vedtok samrøystes Handlingsplan mot vald og overgrep i nære relasjonar i tråd med instillinga frå Utval for levekår. Utvalsleiar Jørgen Sjøvoll (H) og Unni Seim (SV) rosa arbeidet og resultatet med ette vanskelege temaet, som også diverre er meir aktuelt enn mange trur i vår kommune som i alle andre. Dei vonar og trur handlingsplanen kan vere til god hjelp i dette viktige arbeidet.
Kjøken og skulebrakker
I si orientering peika kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter på at eit mellombels behov for meir plass på Meling skule truleg vert søkt løyst ved å leiga brakker. Kommunen er i ein oppstartsfase her og jobbar med å finne plassering, undersøkje infrastruktur i grunnen og brakkeleverandørar.
Han orienterte vidare om at det er komen inn fem tilbod på prosjektet med nytt kjøken BBH/renovering og ombygging av BBH. Det er gjennomført kvalifisering av desse. Venta prosjektkostnad inkludert risiko vil bli presentert for gruppeleiarane saman med oversikt over finansiering før eventuell tildeling av kontrakt.
Kommunestyret gjorde også vedtak etter fleire interpellasjonar om mellom anna Bømlopakken, sentrumsplan Svortland og omsorgsbustadar.
Sjå møteinnkalling og protokoll Kommunestyremøte 28.04.2025