Valleiar Hein Råby Schaug (t.h) kunne notera seg ein jamn straum av veljarar i kulturhuset utover valdagen 8. september.
Simon Knutsson Sortland
Trass i rekordstort tal førehandsrøyster på over 43 prosent var det mange veljarar som tok turen til Bømlo kulturhus sjølve valdagen 8. september. Valkrinsane Meling, Gilje og Foldrøy vart nedlagt føre dette valet, og dei soknar no til Svortland krins. Vallokala vart soleis flytta frå Svortland skule til Bømlo kulturhus.
Etter tilbakemeldingane å døma både i løpet av førehandsrøystingsperioden og sjølve valdagen er dette ein ubetinga suksess. Det var seks valavlukker og to registreringsbord i kulturhuset, og avviklinga gjekk veldig greitt.
Røystestyret starta teljing av førehandsrøyster måndag føremiddag. Vallokala stengde kl. 21.00 og røystene skulle teljast før dei vart levert til rådhuset.
Maryann Steinsbø (t.v) og Ann Irene Lodden Vikse leverte som første valkrins til teljekorpset i rådhuset. Valmedarbeidarane Jenny Aanderaa (t.v) og Silje Eriksen Oldereide tok imot.
Simon Knutsson Sortland
Rubbestadneset valkrins var dei første som leverte inn røystene frå valtingsdagen til rådhuset. Her venta teljekorpset som hadde valvake medan dei venta. Det var ei roleg stemning då resultata av førehandsrøystene vart kunngjort like over kl. 21.00. Dei synte framleis Ap-regjering med Jonas Gahr Støre som statsminister, og med FrP som den store valvinnaren på borgarleg side.
Valresultata finn du her på Valdirektoratet sine nettsider