PwC-rapport om plan og byggesak i Bømlo kommune.Bømlo kommune har motteke sluttrapporten frå konsulentselskapet PwC etter den eksterne gjennomgangen av plan- og byggesaksområdet. Gjennomgangen peikar på fleire område der kommunen må bli betre, mellom anna meir føreseielege prosessar, tydelegare kommunikasjon, styrkt kapasitet og betre samhandling.
Gjennomgangen er ei overordna kartlegging av utfordringar og forbetringsområde, ikkje ein full revisjon eller juridisk vurdering. PwC har heller ikkje gått gjennom enkeltsaker eller vurdert sakshandsaminga i desse opp mot lovverk og god forvaltningsskikk.
Forventningsgap
Bakgrunnen for gjennomgangen er frustrasjon som over tid har kome fram frå innbyggjarar og næringsaktørar, og som resulterte i ein interpellasjon til kommunestyret. PwC finn eit forventningsgap mellom kommunen og dei som møter plan- og byggesak. Særleg vert det etterlyst tidlegare avklaringar og betre informasjon undervegs.
Samtidig viser gjennomgangen at området over tid har hatt låg og sårbar kapasitet. Dei tilsette vert skildra som kompetente, fagleg engasjerte og opptekne av kvalitet og likebehandling. Høgt driftspress har likevel gjort det vanskeleg å arbeida systematisk nok med utvikling, opplæring og felles praksis.
Etter sommaren er bemanninga styrkt gjennom nytilsetjingar og innleigde ressursar. Kommunen har no betre kapasitet til både å arbeida ned restansar og handtera nye saker. Restansane er framleis store, og arbeidet med å redusera dei vil ha høg prioritet framover.
Tiltak er sette i gang
- Me ser PwC-rapporten som viktig i arbeidet vårt framover, seier kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.
Simon Knutsson Sortland
På kort sikt vert det mellom anna arbeidd med raskare mottakskontroll, prioritering av komplette søknader, tettare oppfølging av eldre saker og betre tilgjengelegheit på telefon. Målet er at søkjarar tidlegare skal få vita om noko manglar, og få betre informasjon om saka undervegs.
Fram mot årsskiftet skal kommunen også arbeida vidare med digitale arbeidsprosessar, enklare løp for standardsaker og meir systematisk opplæring og kompetanseutvikling.
Samhandling mellom politikk og administrasjon
PwC peikar også på behovet for tydelegare roller og betre samhandling mellom politikk og administrasjon. Ulike forventningar til handlingsrom, regelverk og bruk av skjønn kan skapa uvisse både internt og for dei som har saker til behandling.
Kommunen vil difor arbeida vidare med rolleavklaring og tydeleg leiing, og vurdera opplæring og andre tiltak som kan styrkja samhandlinga mellom administrasjonen og politisk nivå. Dialogen med Statsforvaltaren, byggenæringa og innbyggjarane skal også styrkjast.
– Historia forklarer noko av situasjonen, men ho kan ikkje vera ei orsaking for at me ikkje forbetrar oss. Rapporten gir oss eit betre grunnlag for å prioritera det arbeidet som må gjerast framover, seier Stavland.
Rapporten går først som meldingssak til politiske utval i den komande møterunden. Kommunedirektøren vil i neste politiske møterunde koma tilbake med vidare status og eventuelle forslag til ytterlegare tiltak som svar på interpellasjonen.
Møteinnkalling Hovudutval for areal og samferdsel 02.09.2026