Jobbsjansen kan opna dører til jobb og utdanning

Bømlo kommune har vore med i Jobbsjansen sidan 2012 og har fått midlar kvart år. Målet er å gi innvandrarkvinner som står langt frå arbeidslivet ein reell veg inn i jobb eller utdanning. No har me ledige plassar, og me ønskjer fleire med. 

Vigdis Økland, Margrethe Simonsen Hope, Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam, bioingeniør Solveig Nesse Hallaråker, verksemdleiar legetenesta Monica Tofte Amundsen og Ida Frimannslund. Simon Knutsson Sortland

Jobbsjansen i Bømlo er for innvandrarkvinner som treng kvalifisering for å koma i jobb eller utdanning. Du kan vera mellom 18 og 55 år, og du har lite tilknyting til norsk arbeidsliv. Mange har heller ikkje rett på andre ytingar, som til dømes dagpengar. 

- Deltakarane har ulik bakgrunn. Nokre har kort skulegang og treng grunnleggjande opplæring, medan andre har høgare utdanning frå heimlandet, fortel Nav-rettleiar Margrethe Simonsen Hope. 

Ein plan som startar med deg

I Jobbsjansen kartlegg Nav og kommunen kompetansen din, kva du ønskjer, og kva som kan bli krevjande på vegen. Så lagar dei ein plan og følgjer deg tett opp mot måla. 

Oppfølginga kan til dømes handla om å finna ein praksisplass som passar deg, trening i jobbsøking og intervju, og oppfølging ute i verksemda i dialog med arbeidsgivar. Det er denne kombinasjonen av språktrening, praksis og tett oppfølging som går igjen i historia til Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam. 

- Eg sat mykje heime før

Når Pallavi Bhimanadam snakkar om tida før Jobbsjansen, startar ho med språket. - Eg synest det var veldig kjekt å vera med i Jobbsjansen, fordi eg lærte norsk. Før synest eg språket var vanskeleg, sat mykje heime og kunne mest engelsk. Etter eg byrja på vaksenopplæringa, vart det mykje betre. 

For Pallavi handla språket om å kunna vera med i kvardagen og på jobb. Ho løftar fram praksis som ein stad der norskopplæringa fekk feste. - Då eg fekk praksisplass her på Øyane Helsehamn, lærte eg masse. Eg fekk erfaring, og eg fekk òg brukt det eg lærte på vaksenopplæringa. Det er mange dialektar, men etter praksisen forstod eg mykje meir, og eg vart betre i norsk. 

Fem månader på laboratorium

Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam analyser blodprøvar ved Øyane Helsehamn. Simon Knutsson Sortland

- Jobbsjansen jobbar for å finna praksisplassar som passar kvar deltakar. Nav samarbeider med fleire lokale arbeidsplassar innan helse og omsorg, barnehage, skule, kafé og servering, rådhus og kommunale tenester, og industri, opplyser Nav-rettleiar Vigdis Økland. 

For Pallavi vart praksisen knytt til laboratoriearbeid, der ho fekk jobba tett med ein rettleiar. - Eg lærte òg å ta blodprøvar. I India er det ikkje vanleg at bioingeniørar tek blodprøvar, så det var veldig kjekt å læra her. I tillegg var eg med på analysar og lærte meir om korleis me behandlar ulike prøvar. 

Rettleiaren og bioingeniør Solveig Nesse Hallaråker synest det har vore positivt å ha Pallavi i praksis, men ho peikar òg på at starten kan krevja litt ekstra. - Det krev ein del, særleg i starten. Eg har erfaring med studentar i praksis, men her handla det òg om språk.  

Ho meiner nøkkelen låg i kor aktiv Pallavi var sjølv, og at ho sa frå når noko var uklart. Pallavi las prosedyrar og kvalitetshandbok, tok kurs og nettkurs, og fekk mykje språktrening gjennom å lesa fagspråk og møte pasientar. 

Utdanning frå heimlandet

- I Jobbsjansen møter Nav mange som ønskjer å få godkjent utdanning frå heimlandet. Det kan vera krevjande, både fordi dokumentasjon kan mangla, og fordi godkjenning kan gi delvis utteljing. Nav samarbeider tett med vaksenopplæringa, som ofte hjelper deltakarane med søknader og vidare opplæring, seier Nav-rettleiar Ida Frimannslund. 

Pallavi har bachelor i biokjemi og bioteknologi frå India, noko som ligg nær bioingeniørutdanninga i Noreg. Ho merkar skilnad på både utdanning og arbeidskvardag. 

- I India er det meir laboratorieretta og mindre pasientkontakt. Her i Noreg har utdanninga og jobben meir pasientkontakt. Ho har òg erfaring frå frivillige organisasjonar, der ho har jobba for barn og kvinner sine rettar. Det pregar korleis ho ser på arbeidslivet.  

- Her opplever eg at ein får respekt for jobben eg gjer, og at det er meir likestilling mellom yrke. 

Vidare til jobb

Jobbsjansen handlar om å koma i arbeid eller utdanning. - Over tid har programmet i Bømlo samla deltakarar frå nær 30 land, og over 100 kvinner har vore med sidan 2012. For 2025 kom ein stor del vidare til arbeid eller utdanning, og tala låg høgare enn landsnivået. Nav nasjonalt koplar dette til tett oppfølging og godt samarbeid med lokale arbeidsgivarar, fortel Hope.

For Pallavi vart overgangen til arbeidslivet konkret etter praksisperioden. - Eg fekk jobb i Maurtua barnehage frå januar. Eg har ikkje fast stilling enno, men eg jobbar 100 %. Ho fortel om ein start som kjentest litt skummel, men som raskt vart tryggare i møte med kollegaer og barn.

- I starten var eg redd for å snakka så mykje med folk, men kollegaene mine forklarte og hjelpte meg. Barna seier frå med ein gong når eg seier noko feil, så eg lærer fort, ler Pallavi. Det gjer at eg ikkje stressar så mykje med å gjera feil.

Ho skildrar kvardagen i barnehagen som enkelt og nært, for som barnehageassistent er ho mykje saman med barna både ute og inne. Ho leikar, hjelper dei med å kle på og av, og er med på turar. 

Må gi folk ein sjanse

Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam trener blodprøvetaking på bioingeniør Solveig Nesse Hallaråker ved Øyane Helsehamn. Simon Knutsson Sortland

Samtidig held Pallavi fast ved det langsiktige målet. - Eg har søkt om godkjenning av utdanninga mi, og eg har sendt søknad til Helsedirektoratet. No ventar eg på svar. Eg har høyrt at eg kanskje må ta eit år med kompetansekurs, men eg må venta og sjå kva dei seier. Eg vil gjerne jobba som bioingeniør på sikt, men no vil eg jobba, få meir språk og erfaring, og så ta det som trengst når eg får svar.
 
- For at Jobbsjansen skal fungera, trengst det arbeidsplassar som vil gi folk ein sjanse. Nav samarbeider med mange ulike arbeidsplassar og har alltid behov for nye arbeidsgivarar som kan tilby praksis. Her på Bømlo har me vore heldige, og det er ein viktig grunn til at me får midlar år etter år, meiner Økland.

Ho fortel at dei har ei stor «verktøykasse» som kan støtta både deltakar og arbeidsgivar, til dømes arbeidstrening, mentorordning og ulike tilskot. Dei kan òg starta med praksis når språk er ei utfordring, og vurdera lønstilskot i ein periode når deltakaren kjem opp på eit nivå som gjer det lettare å fungera i jobb.

Verksemdsleiar for legetenesta Monica Tofte Amundsen ved Øyane Helsehamn rosar utviklinga ho såg hos Pallavi i praksisperioden. - Eg synest det har vore veldig positivt å ta imot Pallavi i praksis.

Etter kvart fekk ho meir ansvar og vart ein god ressurs. Ho kunne ta fleire oppgåver sjølvstendig, og me merka at ho bidrog godt i kvardagen. 

Når språk og praksis verkar saman

Både Pallavi og arbeidsgivaren peikar på at språkopplæring og praksis utfyller kvarandre godt, særleg når ein skal forstå dialektar og nyansar i kvardagen.  

- Eg synest det er viktig med språkopplæring på full tid i starten, for då lærer ein fortare. Samtidig er det bra å kombinera med praksis når ein har eit grunnleggjande nivå, seier Pallavi.  

- Dialektar og munnleg språk kan vera krevjande, men praksis gir god trening i å forstå nyansar i språket, legg rettleiaren Hallaråker til. Ho legg ikkje skjul på at dei merkar at Pallavi ikkje lenger er i praksis hos dei, då ho etterkvart vart ein god ressurs i tenesta. Både Hallaråker og Amundsen er positive til å ta inn nye praktikantar i Jobbsjansen dersom relevante kandidatar skulle dukka opp. 

Jobbsjansen-deltakar Pallavi Bhimanadam får instruksjonar om kvar nåla skal setjast av bioingeniør Solveig Nesse Hallaråker ved Øyane Helsehamn. Simon Knutsson Sortland

Faktaboks: Jobbsjansen på Bømlo

  • Kven er tilbodet for? Heimeverande innvandrarkvinner i alderen 18 til 55 år. 
  • Kva kan du få? Kurs, norskopplæring, arbeidstrening, tett oppfølging og stønad medan du deltar. 
  • Korleis jobbar me på Bømlo? Me samarbeider med lokale arbeidsgivarar og følgjer opp deltakar ute i verksemda. 
  • Vil du vera med i Jobbsjansen? Jobbsjansen har plass til fleire deltakarar. Om du er heimeverande innvandrarkvinne og ønskjer å jobba eller ta utdanning, kan du ta kontakt med Nav Bømlo for å få ei vurdering og ein samtale om moglegheiter.
     

Kontakt Nav Bømlo:
Ida Frimannslund, tlf. 920 28 554, E-post: ida.frimannslund@nav.no 
Margrethe Simonsen Hope, tlf. 955 52 986, E-post: margrethe.simonsen.hope@nav.no 
Vigdis Økland, tlf. 413 12 255, e-post vigdis.okland@nav.no