Klart for nytt digitalt løft

Stord, Fitjar og Bømlo har valt nytt felles system for løn, HR, økonomi og innkjøp. Det skal gi enklare arbeidskvardag og betre grunnlag for vidare utvikling.  

tre kommunevåpen på rad - Klikk for stort bileteStord, Fitjar og Bømlo kommunar går saman om nytt felles HR- og lønssystem.

Dei tre kommunane går vidare saman om å oppgradera frå si gamle løysing med ei ny og framtidsretta løysing for sentrale administrative oppgåver. Målet er å forenkla arbeidsmåtar, redusera manuelt arbeid og styrkja samarbeidet på tvers. Dette skal gi leiarar og tilsette betre oversikt, mindre manuelt arbeid og meir tid til oppgåver som støttar dei kommunale tenestene.

Den nye ERP-plattforma er levert av Xledger Offentlig spesielt utvikla for kommunar og fylkeskommunar. Denne legg til rette for automatisering, sanntidsinnsikt og sømløs samhandling på tvers av økonomi, HR, lønn og innkjøp.

Kontrakten vart signert i midten av juni, og utover hausten  følgjer opplæring og innføring før systemet etter planen skal takast i bruk i januar 2027. Dette er eit viktig løft for kommunane som no får eit system som kan støtta både dagens behov og vidare utvikling i åra som kjem.