Leiar for legetenesta Åse Vevle, kommuneoverlege/sjukeheimslege Anita Sørtveit og helsesekretær Camilla Bjørge var på synfaring i Øyane Helsehamn for å få idear til sitt eige nye storlegesenter som skal byggjast i Osterøy kommune.
Monica Tofte Amundsen
- Delegasjonen frå Osterøy ynskte å få ta del i våre erfaringar med etablering og drift av eit storlegekontor, opplyser verksemdsleiar Monica Tofte Amundsen i Bømlo legetenester.
Særleg planløysingar og logistikk er utfordrande ved å gå frå eit mindre til større legekontor. Amundsen og fagansvarleg lege Kristine Borgemyr forklarte frå sine røynsler med bygging av eit storlegesenter, kva som kan vere lurt å tenkje på og korleis ein kan få logistikken til å fungere best mogleg. Frå Osterøy kom leiar for legetenesta Åse Vevle, kommuneoverlege/sjukeheimslege Anita Sørtveit og helsesekretær Camilla Bjørge.
- Dei var nøgde og syntes det var eit nyttig besøk, fortel Amundsen som syns det er flott å kunne syna fram kva me får til i Bømlo kommune.