Kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.
Simon Knutsson Sortland
Dette seier kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland. Eit nyleg døme er saka om aktivitetsanlegg ved Krokavatnet har skapt stort engasjement. Gilje grendalag ønskjer å skapa meir aktivitet og fleire møteplassar, og kommunen ser verdien av slike initiativ. Likevel har administrasjonen tilrådd avslag på søknaden om dispensasjon frå kommuneplanen.
- For mange kan dette verka som eit nei til sjølve tiltaket. Men saka handlar ikkje om å stoppa utvikling. Ho handlar om kva slags prosess som må liggja til grunn når eit tiltak er omfattande og kan påverka natur, tryggleik og framtidig bruk av området, legg Stavland til.
Dispensasjon er eit unntak
Dispensasjon er eit unntak frå vedtekne planar. Når eit tiltak omfattar fleire element – som sykkelløyper, gangstiar, terrenginngrep, parkeringsutviding og bygg – må me vurdera heilskapen.
Plan- og bygningslova krev reguleringsplan for større tiltak. Det gjeld òg her. Ein reguleringsplan gir moglegheit til å vurdera konsekvensar for natur, avrenning, flaumfare og drikkevatn. Samstundes gir han både utbyggjarar, naboar og politikarar eit betre og meir føreseieleg grunnlag.
Ein reguleringsplan kan:
- sikra at me vurderer alle relevante omsyn samla
- gi grendalaget eit meir robust prosjekt
- gi politikarane eit betre grunnlag for avgjerd
Kven gjer kva?
Når arealsaker skaper debatt, handlar det ofte om uklare forventningar til kommunen si rolle. Kommunen har fleire roller som me må skilja tydeleg:
- Innbyggjarar og frivillige kjem med idear og initiativ som er viktige for utviklinga i kommunen.
- Administrasjonen vurderer konkrete søknadar etter lovverket og gjeldande planar.
- Politikarane tek dei endelege politiske avgjerdene, basert på faglege vurderingar og politiske prioriteringar.
Misforståingar oppstår lett når desse rollene blir blanda saman.
Forventningsgapet
Aktivitetsanleggsområde Gilje Vel ynskjer utarbeida ved Krokavatnet.
ByggProsjekt
Administrasjonen kan vera positiv til formålet, men likevel vurdera at søknaden slik ho ligg føre ikkje kan godkjennast. Det handlar ikkje om mangel på vilje, men om ansvar.
- Når me tilrår avslag på ein dispensasjon, betyr det ikkje at tiltaket er uønskt. Det betyr at me meiner tiltaket bør gå gjennom ein prosess som gir betre og tryggare grunnlag for ei langsiktig løysing, seier kommunalsjef Stavland.
Politikarane ønskjer ofte at kommunen skal vera meir positiv og imøtekomande. Samstundes kan ikkje administrasjonen seia ja til tiltak som ikkje er vurderte i tråd med lovverket. Dette kan skapa eit inntrykk av at kommunen er eit hinder for utvikling.
I røynda held administrasjonen fast ved noko heilt grunnleggjande som er å sikra likebehandling, rettstryggleik og føreseielege prosessar, også når saka engasjerer.
- Me seier ikkje nei til aktivitet
Kommunen godkjenner kvart år ei rekkje tiltak administrativt, ofte utan merksemd. Det er først når sakene er prinsipielle, omfattande eller krev dispensasjon, at dei blir synlege i offentleg debatt. Til dømes er det 76 saker som har fått positiv administrative behandling i januar og februar i år. Det går fram av dei delegerte vedtaka som kom i meldingssak til Utval for areal og samferdsel sitt marsmøte.
- Målet i saka om Krokavatnet er ikkje å stoppa utvikling. Kommunen ynskjer er å leggja til rette for at eit mogleg aktivitetsanlegg blir planlagt og gjennomført på ein måte som tek omsyn til natur, tryggleik og framtidig bruk av området, poengterer Stavland.
Å seia nei til ein dispensasjon kan, i slike tilfelle, vera det som gjer det mogleg å seia ja på rett måte.
Avtal time med saksbehandlar
Seksjon samfunnsutvikling har system for timebestilling for at både du og saksbehandlar skal få til gode og førebudde møter. Du kan få rettleiing og svar på spørsmål du har i samband med byggesaker og tomtedelingar, arealplanar, startlån og bustønad. Kva du må oppgi på førehand går fram av rettleiing ved utfylling av timeavtalen.
Avtal time her