Kommunedelplanen sin arealdel ut på 2. gongs høyring

- Me ynskjer innbyggjarane sine innspel når me no legg kommuneplanen sin arealdel ut på 2. gongs høyring og offentleg ettersyn, understreka ordførar Morten Helland og formannskapet då dei gjorde sitt vedtak tysdag.

mange folk rundt møtebord - Klikk for stort bileteArbeidet med kommuneplanen sin arealdel var tema i formannskapsmøtet 13. oktober. Simon Knutsson Sortland

Politisk styringsgruppe og administrasjonen har lagt ned eit stort arbeid før kommuneplanen sin arealdel 2024–2036 tysdag vart vedteken lagt ut til 2. gongs høyring av formannskapet med frist truleg i midten av januar 2027. Planen vil leggja føringar for korleis Bømlo skal utvikla bustader, næringsområde, samferdsle og arealbruk i åra som kjem.

Sjå saksframlegg og møteprotokoll Formannskapet 13.10.2026

Planvasken har vore ein stor og krevjande prosess. Kommunen vurderer alle arealføremål og reguleringsplanar etter faste kriterium. Prinsippa er drøfta med fylkeskommunen og Statsforvaltaren. 

Nøkkeltal frå planvasken

  • om lag 1 000 areal i kommuneplanen
  • 267 reguleringsplanar
  • 430 merknader frå førre høyring

Areal i kommuneplanen

  • 217 bustadområde
  • 185 område for fritidsbustader
  • 94 LNFS-område
  • 356 naust- og småbåtområde
  • 54 næringsområde

Vedtaket i Formannskapet

  1. Formannskapet vedtek å senda forslag til kommuneplanen sin arealdel 2024–2036 på høyring og offentleg ettersyn, i medhald av plan- og bygningslova § 11-14, med følgjande endringar og endringar i føresegnene som går fram av vedlegget:
    a. Akvakulturområdet ved Selvåg blir redusert i tråd med undervegsvedtaket i formannskapet 16. april 2026, og blir ikkje utvida.
    b. Det nye bustadføremålet på Moster blir teke ut, i tråd med den faglege tilrådinga i konsekvensutgreiinga og ROS-analysen for arealendringar etter førstegongshøyringa, punkt 3.9.5.
  2. Formannskapet godkjenner følgjande silingskriterium for merknader til andregongshøyringa:
    Siling 1: Nye arealinnspel blir sila ut.
    Siling 2: Merknader til innspel og merknader som allereie er vurderte, blir sila ut dersom dei ikkje inneheld nye moment.
    Siling 3: Merknader blir sila ut dersom eventuelle nye moment ikkje har noko å seia for den tidlegare vurderinga.
    - Merknader som er i strid med motsegner, blir sila ut. 
    - Merknader som ikkje kan imøtekomast, blir sila ut. Dette gjeld til dømes dersom lovverket og rettleiinga til kommuneplanen sin arealdel ikkje opnar for innspelet, eller dersom det vil føra til ei ny motsegn.
  3. Alle aktuelle plandokument og vedlegg skal oppdaterast i tråd med endringane ovanfor før høyringa. Endringane i plandokumenta skal leggjast fram for den politiske arbeidsgruppa for kommuneplanen sin arealdel før utsending.


MERK: Når krava i punkt 3 er klargjort vil me publisere ei eiga nettside for høyringa. I mellomtida finn du mykje god informasjon på Kommuneplanen sin arealdel 

Utsatte samlokalisering av Barne- og familietenesta

illustrasjon forretningsbygg - Klikk for stort bileteSlik kan Østensen-bygget ta seg ut om det skal husa Barne- og familietenesta. Nordplan

Formannskapet vedtok å be kommunestyret utsetje revidert forprosjekt om samlokalisering av Barne- og familietenesta i leigde lokale på Svortland. Det var semje om behovet, men i eit samrøystes vedteke utsetjingsframlegg ba dei om meir informasjon om faktisk netto kostnad per år framover, for budsjett og rekneskap for kommunen som heilskap. Vidare om alternative løysingar, både mellombelse i og rundt eksisterande bygg og kva varige løysingar i kommunale bygg som har vore vurdert.

Saka gjeld ei samlokalisering av tenesta i det tidlegare Østensen-/Stautland-bygget, der administrasjonen har arbeidd med å redusere kostnadene etter signal frå politikarane. Det reviderte prosjektet har redusert arealet med over 14 prosent og den årlege leiga med om lag 7 prosent samanlikna med det opphavlege forslaget.

Barne- og familietenesta er i dag fordelt på fleire lokale med dokumenterte utfordringar knytte til plass, arbeidsmiljø og samhandling. Kommunedirektøren meiner ei samlokalisering vil gi betre tenester til barn, unge og familiar, styrkje samarbeidet med mellom anna NAV og vaksenopplæringa og leggje betre til rette for kommunen si lovpålagde samordningsplikt. Formannskapet ønskte likevel eit betre grunnlag for å vurdere dei økonomiske konsekvensane før saka går vidare til ny politisk behandling.

Lyser ut konkurranse om gamle BUS-tomta

Formannskapet endra rekkjefølga på konseptkonkurransen for utvikling av gamle BUS-tomta i høve kommunedirektøren sitt framlegg. Mari Pedersen Totland (Ap) fekk fleirtalet med på å be kommunestyret vedta å gjennomføra ein konseptkonkurranse for BUS-tomta utan å først utarbeide ein reguleringsplan. Ordførar får fullmakt til å revidera og godkjenna konkurransegrunnlaget før utlysing, etter dialog med gruppeleiarane. Dei meiner dette vil kunne gi fleire idear og det framskundar sjølve vedtaksprosessen. 

Framleis krevjande økonomi

møtedeltakarar får orientering på storskjerm - Klikk for stort bileteØkonomisjef Sindre Halvorsen orienterte formannskapet om økonomisk status i Bømlo kommune 13. oktober. Simon Knutsson Sortland

Sjølv om rekneskapen ved utgangen av august viser eit positivt resultat, kjem dette i hovudsak av ein mellombels gevinst knytt til pensjon. Samstundes har kommunen brukt 19,5 millionar kroner meir enn budsjettert så langt i år.

Prognosen for 2026 viser no eit meirforbruk på 18,6 millionar kroner i drifta, og totalt negativt budsjettavvik på 40,9 millioner kroner. Dei største årsakene er høgare kostnader til institusjonsdrift og omsorgstenester, auka straum- og renteutgifter og lågare inntekter frå havbruksnæringa (disse ligger ikkje i drifta, men totalen). Prognosen for havbruksinntektene er redusert frå 50,5 til 29,6 millionar kroner. Dersom prognosane slår til, vil kommunen få eit negativt driftsresultat og ikkje kunna starta den planlagde nedbetalinga av tidlegare meirforbruk.

Budsjettrevisjonen for andre halvår stadfestar den strammare økonomiske situasjonen. For å halda budsjettet i balanse må kommunen justera budsjettet med 34,6 millionar kroner og redusera den planlagde inndekninga av tidlegare meirforbruk med 25,6 millionar kroner. Kommunedirektøren peikar på at det framleis er nødvendig med tett økonomioppfølging og kostnadsreduserande tiltak.

Sjukefråværet i august 2026 var 6,6 prosent, og både korttids- og langtidsfråværet var 0,3 prosentpoeng lågare enn i august 2025. Fråværet går framleis ned, og seksjon for helse hadde under 9 prosent sjukefråvær det siste kvartalet.

Andre saker

Formannskapet vedtok samrøystes dei andre sakene som var oppe til handsaming. Svar på interpellasjonen om BOT vart utsett til januarmøtet grunna kapasitetsomsyn.