Vegarbeid på FV.541 Hestaneset- Sakseid- Ekornsæter forbi Ramnabrotet.
Skjermdump Vestland fylkeskommune/Bømlopakken
Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter kan ikkje svara meir konkret, og skjønar at mange lurer på kva som skjer med siste rest av vegarbeidet i revidert Bømlopakke II. Byggherren Vestland fylkeskommune følgjer saka vidare. Kommunen kan difor ikkje svare på kva konkursen betyr for framdrifta eller anna, og spørsmål om saka bør takast direkte med Vestland fylkeskommune.
Vidare framdrift
Alt arbeid på strekninga er mellombels stansa. Vestland fylkeskommune arbeider med å finne løysingar for å fullføra prosjektet. Dei kan til dømes inngå avtale med ein annan tilbydar frå den opphavlege anbodsprosessen eller lysa ut ein ny konkurranse for resten av arbeidet. Det er førebels uklart kva løysing fylkeskommunen vel, og kva dette betyr for tidsplanen.
I ei melding til kontaktutvalet i revidert Bømlopakke informerer prosjektleiinga at konkursen i B&G kom brått. - Me jobbar no med å sikre prosjektområdet og byggeplassen, og tryggleiken til tredjepart har høgaste prioritet. Me vil så snart som mogleg ta kontakt med grunneigarar og andre som blir berørt av konkursen.
Det er oppretta konkursbu ved bostyrar advokat Magnus Jonsbråten. Fungerande prosjektleiar er Anne Nina Rikstad. Ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune kjem ut i dag. Prosjektleiinga vil orientera kontaktutvalet så snart dei har ny informasjon.
For oppdaterte meldingar viser me til fylkeskommunen sine eigne kanalar:
Tilsette og underleverandørar
Bertelsen og Garpestad hadde om lag 450 tilsette før konkursen, og alle mistar no jobben. Blant dei var det 38 lærlingar. Maskinentreprenørane sitt forbund (MEF) har sett krisestab for å hjelpe lærlingane vidare. Regionleiar Marie Oftedal seier at dei vil gjere sitt beste for å hjelpe dei vidare i læreløpet.
Konkursen rammar også mange underentreprenørar og leverandørar. Leiinga i B&G har beklaga konsekvensane for tilsette, kundar og leverandørar, men fleire underleverandørar står likevel i ein krevjande situasjon.