Kommunedirektøren: Politirådet er viktig i førebyggjande arbeid

Politirådet er eit viktig samarbeidsfora mellom politiet og kommunane Bømlo, Fitjar og Stord. 

gruppe samla rundt bord - Klikk for stort bileteBømlo politiråd samlast fire gongar i året. Frå venstre politistasjonssjef Odd Harald Hovland, politikontakt Marlene Nyborg Veivåg, politioverbetjent Øyvind Børnes, kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland, rådgjevar beredskap og kvalitet Bente Ovesen, kommunalsjef oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer, kommunalsjef helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæter og ordførar Morten Helland. Simon Knutsson Sortland

Bømlo kommune og politiet har fire faste møter i året, der eitt er felles med Stord og Fitjar. Samarbeidet er ein svært viktig del av det langsiktige førebyggjande arbeidet vårt. I tillegg er samarbeidet avgjerande for å løyse utfordringar som oppstår i tenestene og i kommunen gjennom året.  I februarmøtet drøfta politirådet mellom anna arbeidet i 2025 og tiltak som kommunen og politi vurderer for 2026.

- Me er samde om kva hovudområde politiet skal jobbe med i 2026. Rekruttering av barn og unge til kriminalitet, førebygging av vald og truslar i nære relasjonar og ikkje minst trafikk og fart er døme på tema som vil få merksemd også i 2026, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

Politiet og kommunen vurderer samarbeidet som viktig og godt.