Asylmottaket i Rubbestadneset.
Simon Knutsson Sortland
Å føra tilsyn høyrer til miljøretta helsevern, som skal verna folk mot helseskade frå miljøet. Å førebyggja helseskade er betre og meir effektivt enn å behandla problem i etterkant. Kommunen planlegg tilsyn ved asylmottaket i Rubbestadneset i januar 2026.
- Me har mange moglege tilsynsstader og prioriterer ut frå risiko og kor mange som kan bli råka. Dei siste åra har me ført tilsyn med arenaer der mange oppheld seg, til dømes skular og symjebasseng, og me har følgt opp meldeplikta for frisørsalongar. No blir asylmottaket prioritert fordi dette er ein stad der mange bur, og fordi bebuarane kan vera ei sårbar gruppe, opplyser kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen.
Kva ser me på i tilsynet?
I tilsynet vurderer me både rutinar (internkontroll) og fysiske forhold. Tema me ser på er mellom anna:
- inneklima og ventilasjon
- reinhald og hygiene
- sanitære anlegg
- smittevern
- skadeførebygging
- psykososialt miljø
Dersom me finn avvik, er hovudmålet å få dei retta opp.
Vil bidra til trygt og godt bumiljø
Tilsynet blir gjennomført både skriftleg, med gjennomgang av dokumentasjon og rutinar, og med stadleg inspeksjon. Me ønskjer å ha god dialog med drifta, med fokus på forbetring og førebygging. Dette er ein del av vårt arbeid for å fremje folkehelsa og skape eit trygt lokalsamfunn.
Gjennom tilsynet vil me bidra til å skapa eit trygt og godt bumiljø og redusere risiko for sjukdom og skade. Tilsynet blir gjennomført av kommuneoverlege og juridisk seniorrådgjevar. Parallelt vil førebyggande eining brann og redning ha tilsyn med brannvern.