Kommunenytt i karusell hjå Bømlo-Nytt

Frå torsdag 1. oktober tek Bømlo kommune i bruk Kommunekarusellen på framsida av Bømlo-Nytt. Målet er å nå eit breiare publikum med aktuelle nyhende, kunngjeringar og nyttig informasjon om kommunen sine verksemder og tenester.

Meir synlege

Nettsida til kommunen er framleis hovudkanalen vår. Gjennom Kommunekarusellen blir sakene også synlege der mange innbyggjarar allereie oppsøkjer lokale nyhende.

- Lokalavisa er ein viktig kanal og samarbeidspartnar som kan hjelpa oss med å gjera relevant kommunal informasjon lettare tilgjengeleg for fleire. Dette støttar målet vårt om å velja kanal ut frå bodskap og målgruppe, og å halda innbyggjarane oppdaterte om kommunen sitt tenestetilbod. 

Karusellen hentar automatisk saker frå Aktuelt og Kunngjeringar på kommunen si nettside. I tillegg til automatisk publiserte saker vil me leggja inn anna innhald manuelt, til dømes områdemeldingar, møteplanar eller spørjeundersøkingar. Når lesarane klikkar på ei sak, blir dei sende direkte til nettsida vår.

skjermdump av kommunekarusell i lokalavis - Klikk for stort bileteAktuelt og kunngjeringar med meir vert publisert i karusell på nettsida til Bømlo-nytt. skjermdump Bømlo-nytt