Kommunepsykologen: Ver stolt av barna og elevane. Dei gjer så godt dei kan.

Eg undrar meg, og er tidvis bekymra for korleis dei unge vert påverka av den massive mediedekninga om «kor dårleg dei gjer det på skulen» samanlikna med jamaldrande i andre land.

mann talar i gymsalen - Klikk for stort bileteKommunepsykolog Øyvind Johnsen tok mellom anna opp vårt tilhøve med kvarandre når "skjermen" får stor plass i liva våre. Simon Knutsson Sortland

Dagleg møter ein debattar, diskusjonar og meiningsuttrykk på både tv, i avisar og blant folk flest. Me veit at unge i dag rapporterer meir stress i sin kvardag enn tidlegare. No får dei jamt over klar beskjed om at det likevel ikkje er godt nok. Mykje av debatten kjenneteiknast av peikefingrar i ulike retningar, meir om dette snart.

Ikkje dei unge si skuld

Det eg merkar meg er at det ikkje er nokon som i klar tale har sagt at dette ikkje er dei unge sin skuld! De er ikkje late, dumme, eller dårlege! Mitt hovudbodskap her er at dette er viktig å formidla i klartekst til dei unge både på Bømlo og generelt. Det er eine og aleine me vaksne som har skuld i dette.

Kommuneoverlege Anne Marit S. Halvorsen og eg har dei siste to åra vore på ulike arenaer og snakka om korleis me dei siste 15-20 åra har utsett barna våre for sosiale eksperiment. Eg tenkjer dette absolutt er relevant i høve dei overskriftene eg her siktar til. Alle dei forhold som nemnast med desse peikefingrane er det vaksne som har skuld i og ansvar for, og felles er at me har gått frå forhold me veit ut frå forsking at er effektivt og sunt til forhold me ikkje kjenner effekten av. Før ein kanskje no kan sjå nokre meir eller mindre klare tendensar.

Bakgrunnen er mangfaldig

Bakgrunnen for dei resultata PISA-undersøkinga avdekka er slik det ofte er – mangfaldig. Skule peikar på foreldra, foreldra peikar på skulen. Begge peikar på politikarane og dei peikar på kvarandre og brukar dette som alt anna til partipolitisk krangel (som dei kallar debatt). Min bekymring er at dette etter kvart munnar ut i meir kreative løysningar for læring slik ein har sett før. Bekymringa mi går på at dei løysningane ikkje har rot i forsking, i kva ein veit verkar.

Forskinga er tydeleg – skjermforringelseseffekten, eller The screen inferiority effect som den omtalast i forsking viser tydeleg korleis læringsutbytte er betydeleg betre med lesing og skriving i fysiske bøker enn på skjerm og tastatur. Me veit at born treng mykje fysisk aktivitet, dette ligg i deira natur. Seksårsreformen, eller Reform 97 som den offisielt heiter, har ein konstatert at har utvikla seg frå det som var intensjonen med mykje leik og aktivitet til meir teoretisk skule. Likevel er det meir av dette mange politikarar meiner me bør ha no.

«Alt var betre før». Då var lærarar leiarar, ein hadde notat og gloseprøvar, foreldra kjøpte teikneseriar og las i bøker for borna og borna var ute heile dagane og leika. Kvifor gjer ikkje alle som tenkjer slik noko med det? Det er slik det ofte er nokon andre si skuld eller ansvar.

Dèt å få bøker og skrivesaker tilbake i skulen krev pengar. Som vaksne kan både lærarar og fåreldre vere tydeleg og krevje at det faktisk kjem øyremerka midlar. Eg tenker me kan krevje at dei som utviklar læreplanar baserer desse på etablert kunnskap frå forsking. Å sikre at born får med seg niste på skulen og et denne bør enkelt kunne sikrast. 

Ein kan som forelder krevje meir fysisk aktivitet i skulen. Ein kan som vaksen leggja vekk eigen skjerm og ta fram ei bok. Born som ser foreldre som les bøkar les meir sjølve. Foreldre kan (og bør) lese for borna framfor å la dei underhalda seg sjølve med skjerm. Ein kan sikre at born og unge for ro og anledning til å sove tilstrekkeleg. Politikarar og lærarar kan krevje at læring skjer på medium ein veit verkar.

Alle må bidra

Alle må bidra, alle må gjere sitt om ein skal snu ein utvikling som har vore stabil i mange år. Som vaksen i dag har ein lov å sjå tilbake på eigen barndom, forhåpentlegvis med mest gode minne, og innføre dei vanar og rutinar som ein sjølve hadde og som har gitt eit greitt utgangspunkt for livet ein no lev.

Ei oppmoding som byggjer på grunnleggande psykologisk kunnskap; det er lett å fokusera på det som er feil, mangelfullt og ikkje-optimalt. Eit slikt fokus over tid fører ikkje til endring, berre til frustrasjon. Eg håpar denne teksten kan føre til engasjement og endringsvilje. Då må hovudfokus liggje på kor ein er, kor ein vil og vegen ein må gå for å komme dit.

Men viktigast – ver stolt av barna og elevane dykkar, gje dei ros. Dei gjer stort sett så godt dei kan på alle arenaer. Viss dei ikkje lukkast i alt er ikkje det så farleg, men tenk i så fall over kva rolle du som vaksen kan ha hatt i å skape dette resultatet.

Øivind Johnsen
Kommunepsykolog Bømlo kommune

(Lesarbrev på trykk i Bømlo-nytt 20.09.2026)