Korleis er det å vere digitalt aktiv

Å vera digitalt aktiv i senioralder handlar ikkje berre om teknologi, men om meistring, fridom og deltaking i samfunnet. I dag skjer mykje av kvardagslivet digitalt – frå kontakt med familie og vener, til helsetenester, bank og informasjon frå det offentlege. Når eldre meistrar digitale verktøy, reduserer det risikoen for utanforskap og gir større sjølvstende

hand held mobil - Klikk for stort bileteMobil og ipad er viktige digitale verkty. Illustrasjonsbilde_Senteret for aldersvennlig Norge

Mange eldre opplever digitale løysingar som kompliserte, 1 av 5 opplever digital sårbarhet. Samtidig viser erfaring og forsking at rett opplæring, god støtte og trygg øving gir rask meistring. Digitale verktøy kan brukast til mykje i kvardagen.

Ein kan betale bussbillett eller parkering med mobilen, bestilla legetime på Helsenorge, delta i videosamtale med familie, eller halda kontakt via meldingstenester og sosiale medium. For mange gir dette auka sosial kontakt og betre oversikt over eigen helse og økonomi.

Læring skjer best i trygge omgjevnader. Frivillige organisasjonar og seniorforeiningar tilbyr digitale kaféar og kurs/hjelp. Her kan ein spørja om alt – utan å kjenna seg dum. Digitale opplæringshefte og enkle nettsider gjer det òg mogleg å læra i eige tempo. 

Pensjonistforbundet har eit flott sitt inspirasjonshefte og kurs på deira nettside "din digitale hverdag" Sjekke gjerne ut denne. 

På døra veke 22 - Digitalt aktiv (PDF, 444 kB)

aktivitetskalender - Klikk for stort bileteAktivitetar 1.-7. juni.

Om prosjektet På døra

Tema i veke 22 i informasjonsskrivet På døra er om digital aktivt liv. På døra vert av postboda levert ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august 2023 med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på. I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. 

Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar og mottek informasjonsskrivet i postkassa si. Av desse er det omlag 150 som får det levert på døra av postbodet. Det er mogleg å reservera seg mot å delta i dette pilotprosjektet ved å kontakta kommunen, men det er ikkje opning for å melda seg på.

Kontaktpersonar:
 

Elisabeth Holme Knutsen

rådgjevar kultur og idrett

E-post Send e-post

Mobil 91 16 53 77

Johanne Kristiansen

rådgjevar folkehelse og frivilligheit

E-post Send e-post

Mobil 45 38 26 42