- Me har i ulike fasar av livet ulike krav og behov når det gjeld bustaden me bur i. Dette gjeld både kor bustaden står, storleik, praktiske løysingar inne og ute og økonomi. Korleis ein vel å ordne seg og korleis ein vil bu, er opp til den enkelte. Torsdag den 10. april inviterer Pensjonistforbundet Bømlo, Eldrerådet og Bømlo kommune til ei temasamling rundt bustad og busituasjon for seniorar, opplyser kommunalsjef for helse, sosial og omsorg Kjell Magnar Mellesdal.
Husbanken sine ordningar
Målet er at me skal få hjelp til å ta dei gode vala for eige liv i forhold til bustad og sleppe å tenkje «Dette skulle me ha tenkt på før» når det kanskje er for seint til å gjera noko med det. Husbanken informerer om deira ordningar og kva dei arbeider med for å bidra til at folk gjer dei rette vala når det gjeld bustad. Bømlo kommune fortel om kva dei gjer. Ordførar og kommunedirektør bidrar med informasjon samt fagpersonar i kommunen som administrerer kommunale økonomiske ordningar. Det viktigaste denne dagen vert kanskje sofapraten med ein del bømlingar som allereie har gjort nokre grep og teke medvitne val om korleis dei ønskjer å bu og leva som pensjonistar. Dei har valt ulike løysingar og dette ønskjer me å snakke litt meir om.
Konferansier er Haldri Karin Engenes. Menyen blir smørbrød og kaffi/te med song og musikk frå Svanhilds orkester.
Påmelding snarast, og seinast 5. april til 481 82 488 Denne gongen gjeld «først til mølla». Entre kr. 150.
Me gler oss og ynskjer både medlemmer og alle andre interesserte velkommen!