Kransaskål for nytt produksjonslokale ved Bømlo bu- og helsesenter

Bømlo kommune og entreprenøren feira ei viktig milepæl i bygginga av nytt produksjonslokale ved Bømlo bu- og helsesenter torsdag 11. desember.

to kvinner sit ved bord med mann som står mellom dei - Klikk for stort bileteKjøkkenleiar Ann Mari Mikalsen (t.h) saman med verksemdsleiar Monica Smedsrud (Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen) og prosjektansvarleg Vardan Vardanyan under kransaskålen 11. desember. Simon Knutsson Sortlsnd

Mellom ventilasjonsrøyr, kablar og snekkerarbeid samla kommunen og hovudentreprenøren Engevik & Tislevoll AS seg til kransaskål. Pizza, brus, kake og kaffi stod på bordet til denne tradisjonelle markeringa når eit byggjeprosjekt er godt i gang, og ein vil takka dei som står på i arbeidet.

På samlinga deltok ordførar Morten Helland, kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter, kjøkkenleiar Ann Mari Mikalsen, verksemdsleiar Monica Smedsrud (Bømlo bu- og helsesenter og Teiglandshagen), kommunalsjef for samfunnsutvikling Tone Stavland, personalsjef Vanja Espeland, prosjektansvarleg og verksemdsleiar teknisk drift Vardan Vardanyan – samt arbeidsfolka frå entreprenøren.

– Me er godt i gang

Verksemdsleiar teknisk drift Vardan Vardanyan takka både dei tilsette og prosjektlaget for innsatsen så langt. – Endeleg. Me er i gjennomføringsfasen no, og me jobbar dagleg med dette. Eg vil takka Ann Mari for den store støtta eg har fått, og ikkje minst alle dykk som står i jobben. Det kjem endringar undervegs, men me finn løysingane, sa Vardanyan.

Eit moderne produksjonslokale

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter rosa arbeidsinnsatsen til alle involverte og peika på kvifor prosjektet er viktig. – Dette handlar ikkje berre om å skifta ein komfyr. Dette vert eit moderne produksjonslokale som ein stor og viktig del av institusjonen vår. Me treng trygge og gode arbeidsforhold, sa han.

Han understreka at behovet for matproduksjon vil auka i takt med at talet på eldre innbyggjarar veks. Når arbeidet er ferdig, blir lokala rigga for trygg matflyt og betre hygiene. Det gir ein meir effektiv kvardag for tilsette og dei som får maten servert.

Betre arbeidsmiljø og kapasitet

Verksemdsleiar Monica Smedsrud seier det nye kjøkenet betyr mykje for både tenesta og dei tilsette. – Me er utruleg glade for at me no får eit kjøken som tek vare på både dagens og framtidas krav til matproduksjon. Samstundes får dei tilsette betre arbeidsforhold. Eit lokalt kjøken der våre bebuarar og brukarar får næringsrik og lokalprodusert mat betyr mykje for oss. Det gjer det lettare å handtera fleire spesialkostar og krav til allergen i framtida, sa Smedsrud.

Kjøkkenleiar Ann Mari Mikalsen fortalde at dei i dag nyttar produksjonslokala ved Moster servicesenter. – Me produserer tett opp mot 200 middagar dagleg, og i framtida tenkjer me at me skal kunna produsera til 300–350 på det nye kjøkenet. Kantineproduksjonen ligg på rundt 65-70 personar, og i tillegg har me ansvar for møtemat i Rådhuset. Me har 12 tilsette på kjøkenet, og me gler oss til å koma skikkeleg på plass igjen, sa Mikalsen. 

Ho rosa dei tilsette for stor vilje til å finna gode og praktiske løysingar under byggjeperioden. Dei ser fram til å ta i bruk dei nye lokala i april 2026.

Fakta om prosjektet

Totalentreprise: Engevik & Tislevoll AS
- Prosjektering: Omega 365 Protek
- Lås og beslag: Lockit AS
- Elektro: Moster Elektro AS
- Ventilasjon: LS. Solland AS
- Rør: VB Rør & Handverk Service AS
- Storkjøkken: Metos AS
- Gulv- og malerarbeid: Malerfirma O. Kjelsnes AS
- Fryse- og kjøleromselementer: Svalinn AS
- Frys- og kjøleanlegg: Winntech AS
- Murararbeid: Engevik Byggsenter AS
- Solskjerming: Fasadeprodukter AS

  • Omfang: Om lag 350 m² blir totalrenovert
  • Tiltak: Nytt ventilasjonsanlegg med kjølefunksjon, golvvarme, nye toalett, møterom, tilgjengeleg garderobe og feittutskiljar. Tiltaket omfattar strukturelle endringar som riving, takheving og total fornying av tekniske anlegg og overflater for å tilfredsstille krav i arbeidsmiljølova.
  • Kontraktsverdi: Ca. 16,7 mill. kroner
  • Mål: Tryggare og meir framtidsretta matproduksjon, betre arbeidsmiljø og kapasitet til auka behov.

Kort historikk: 

•    Prosjektet for ombygging og oppgradering av kjøkkenet ved Bømlo sjukeheim har vore planlagt sidan 2018.
•    Mattilsynet har ved tilsyn avdekt alvorlege manglar for kjøkenet. 
•    Dagens kjøken har ein kapasitet på ca. 150 middagar per dag. Det må byggjast eit nytt kjøkken med tilstrekkeleg areal og kapasitet og tilretteleggjast for mogleg overgang til kok-og-kjøl-produksjon for betre ressursutnytting.
•    Kjøkenet har dårleg ventilasjon, låg takhøgd og uhensiktsmessig romstruktur som påverkar ergonomien og arbeidsmiljøet negativt.