Kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag 2025

19-20. september blir det arrangert kurs i habitattiltak i anadrome vassdrag på Stord. Formålet med kurset er hovudsakleg å auka kunnskap hjå lokale fiskar- og grunneigarlag, men det er også moglegheit for Vidaregåande skular, kommune og entreprenørar å delta etter særskilt avtale. 

Eit anadromt vassdrag er ei elv eller bekk som har egna gyteforhold for anadrome fiskeartar som til dømes laks og sjøaure.  

Vestland fylkeskommune har gjennom sine 9 vassområde kartlagt mange av dei viktige anadrome elvane i fylket mellom anna med midlar frå miljødirektoratet og statsforvaltaren. Vestland fylkeskommune har eit mål å få gjennomført habitattiltaka som er foreslått i rapportane. For å lukkast med dette må ein auke kunnskapen om kva arbeidet går ut på hjå lokale fiskar‐ og grunneigarlag.  

Det vart gjennomført 3 kurs i Vestland i 2024 med gode tilbakemeldingar, og i år vil det tilbys 2 nye kurs i fylket; Alver kommune og Stord kommune. Kursa er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NJFF Hordaland, Stordøy Jeger- og Fiskeforbund, Mjåtveitelvens foreining i lag med vassområda Nordhordland og Sunnhordland.

Frist for påmelding er 1. august 2025.  

Les meir om kurset på Norges Jeger- og fiskerforbund sine nettsider. 

Oversikt over rapportar som inkluderar vassdrag i Sunnhordland