Kveldskurs i norsk opnar dører til arbeidsliv og lokalsamfunn

På Bømlo vaksenopplæring sit latteren laust når «halve verda» snakkar om dialektane, fritidstilbod, arbeidsliv og kvardagen på Bømlo. For mange av deltakarane er kveldskurset meir enn norskopplæring. Det er ein stad å øva, bli tryggare og finna vegen inn i både jobb og lokalsamfunn.

to vaksne par i gruppeundervisning - Klikk for stort bileteÅ læra seg bømlodialekt ser denne gruppa på kveldskurset til Bømlo vaksenopplæring som særs viktig. Frå venstre Vaiva Vasiliauskas, Julius Vasiliauskiene, Liudmyla Bobryk og Hamed Razban. Simon Knutsson Sortland

Lærar Kristi Staveland Sæter har forklart oppgåvene, delt ut lappar og fordelt i to grupper. No skal dei sjølv rangera kva dei meiner er viktigast å læra seg.

– På kveldskursa har me særleg merksemd på munnleg trening. Her skal deltakarane få snakka meir norsk, møta andre og byggja nettverk. Samstundes vil vaksenopplæringa løfta fram tema som er viktige for å bli kjend på Bømlo. Dette gjeld mellom anna dialekt, lokal kultur, lag og organisasjonar, fritidstilbod og lokalgeografi, forklarar Staveland Sæter.

Fordelt på to grupper

Hausten 2026 vil Bømlo vaksenopplæring halda fram med kveldskurs i norsk på nivå A1 til B2. Tilbodet skal gå i to grupper. I tillegg får deltakarane tilgang til ei digital kurspakke frå Lingu, med både norskopplæring, arbeidsnorsk og samfunnskunnskap. Dette kombinerer vanleg norskopplæring med arbeidsnorsk for fleire bransjar, mellom anna skule, barnehage, industri og helse, og samfunnskunnskap.

- Dette kurset hjelper meg mykje med språk og forståing, for på jobben min går det ofte på engelsk. Dette fordi det er mange tekniske uttrykk og det sparar tid enn om alt skal skje på norsk, fortel italienske Babak Rashidi Alavige. Kollega Deepak Bhimanadam frå India seier seg samd. - Kveldskurset er viktig for oss for å få øva på norsk.

Her får deltakarane prøva seg, stilla spørsmål og bli tryggare i samtalar dei møter i jobb og kvardag.

Dialektane er utfordrande

lærar foran større gruppe vaksenelevar - Klikk for stort bileteGod tone mellom lærar Kristi Staveland Sæter og deltakarane på kveldskursa til Bømlo vaksenopplæring. Frå venstre Vaiva Vasiliauskas, Julius Vasiliauskiene, Robert Wayne Lowe, Deepak Bhimanadam, Babak Rashidi Alavige, Ernesta Griskonyte, Serhii Bobryk, Liudmyla Bobryk og Hamed Razban. Simon Knutsson Sortland

Rundt bordet går praten om ord og uttrykk, arbeidsliv, fritid og kvardagsliv. Nokon vil bli tryggare i møte med kollegaer. Andre vil forstå meir av det som skjer rundt dei, på jobb, i butikken, på foreldremøte eller på ein fotballkamp. Felles for dei er ønskjet om å snakka meir norsk og bli ein del av lokalsamfunnet.

Liudmyla Bobryk frå Ukraina og gruppa hennar trekkjer fram dialektar som det mest utfordrande. - I undervisninga er bøkene på bokmål medan lærarane snakkar dialekt. På jobb og i kvardagen møter me dialekt og tekniske fagord. Då kan det bli vanskeleg å følgja med, seier ho og får samtykkande nikk frå dei andre i gruppa.

Difor meiner dei at for fleire blir arbeidsnorsk og betre forståing av dialekt det viktigaste dei kan læra. Ute i arbeidslivet og i nærmiljøet møter dei bømloord, talemålsuttrykk og fagord alt på same tid.

Dette gjer det krevjande å hengja med, særleg i yrke der ein må forstå beskjedar raskt og presist. Difor understreka også lærar Staveland Sæter at kveldskursa legg meir vekt på munnleg trening, lytting og arbeid med lokal dialekt.

- På jobb er det viktig at me får me snakka og lytta til norsk, sjølv om mange her kan godt engelsk og gjerne vil snakka på engelsk med oss i staden for norsk, fortel Ernesta Griskonyte frå Litauen.

Inngang til lokalsamfunnet

Deltakarane peikar også på at kurset gir noko meir enn språk. Dei ønskjer å læra om tradisjonar, kultur, arrangement og korleis dei kan finna sin plass i lokalsamfunnet. Spørsmål dei vert oppmoda å tenkja på og finna svar på av Staveland Sæter er mellom anna kva skjer på Bømlo? Kvar kan ein bli med? Kva betyr lokale ord og uttrykk?

- Slike spørsmål kjem ofte opp, og vaksenopplæringa vil jobba meir systematisk med dette i tida framover. Målet er at kveldskursa skal gi både språk og tryggleik. For mange kan det vera eit viktig steg vidare. Både inn i arbeidslivet, inn i kvardagen og inn i fellesskapet, fortel ho.

Staveland Sæter legg til at dette er kunnskap som ikkje fullt ut kan lærast gjennom ein skjerm. Ein kan lesa seg opp på grammatikk og ord, men fellesskap veks ofte fram i møte med andre menneske. Når deltakarane øver saman, blir kjende og deler erfaringar, byggjer dei også nettverk. For fleire er det like verdifullt som sjølve undervisninga.

elevgruppe diskuterer med lappar - Klikk for stort bileteLivleg diskusjon om arbeidsspråk og bømlodialekt på gruppa til Robert Wayne Lowe (t.h), Deepak Bhimanadam, Babak Rashidi Alavige, Ernesta Griskonyte og Serhii Bobryk. Simon Knutsson Sortland

- Eg kom i kontakt med Sunnhordland Padleklubb, og vart også valgt inn i styret der. Det har hjulpe meg med både norsk og å bli betre kjend med både folk og havet som eg ikkje er vant med frå heimlandet mitt, fortel Alavige.

Kveldskurs for private og verksemder

Tilbodet rettar seg både mot personar som er nye på Bømlo, og dei som har budd her ei stund, men framleis treng meir språkopplæring for å kunna delta aktivt i samfunnet. Kveldsundervisninga er open både for dei som har rett til gratis opplæring og for betalande deltakarar.

- Målet er enkelt men viktig. Deltakarane skal læra meir norsk, kjenna seg tryggare i møte med folk og få fleire nøklar til arbeidslivet og kvardagen på Bømlo. For somme kan kveldskurset vera det vesle steget som gjer stor forskjell, avrundar Kristi Staveland Sæter.

Søk om bedriftsintern opplæring

Vestland fylkeskommune har midlar til bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) som bedrifter kan søkja på. Søknadar blir handsama fortløpande så lenge det er midlar att.

Bømlo vaksenopplæring kan tilby kompetanseheving knytt til Inkludering. Dette er tiltak som bidreg til stabil deltaking i arbeidslivet og betre arbeidsmiljø, til dømes:

  • arbeidsretta språkopplæring
  • kultur- og mangfaldskompetanse
  • opplæring i helse, miljø og tryggleik i fleirkulturelle arbeidsmiljø
  • kompetanse knytt til psykisk helse og førebygging av utanforskap


Ordninga skal ikkje overlappe verkemiddel i Nav.

FAKTA: Kveldskurs ved Bømlo vaksenopplæring

· Kveldskurs i norsk på nivå A1 til B2 frå hausten 2026

· To grupper

· Digital kurspakke frå Lingu med norskopplæring, arbeidsnorsk og samfunnskunnskap

· Særleg vekt på munnleg trening, dialektforståing og språk i arbeid og kvardag

· Meir arbeid med tema som lokal kultur, fritidstilbod, organisasjonsliv og lokalgeografi

· Tilbod for både deltakarar med rett til gratis opplæring og betalande deltakarar

· Passar for både nye innbyggjarar og dei som har budd på Bømlo ei stund, men ønskjer meir språktrening