Faglærar Magnhild Krokedal Turøy fekk høyra nyss om nokre driftige damer på Karmøy som dreiv og samla inn strikkelappar til teppe som dei gav vidare til kreftpasientar under behandling. Gruppa deira kalla seg Ull og omtanke Haugalandet, og desse fekk me kontakt med. Etter litt planlegging og drøfting, planla me eit prosjekt, der elevane, samstundes som dei lærte seg å strikka, fekk visa omtanke for andre gjennom å strikka lappar til prosjektet.
Med 26 elevar i gruppa, sette me oss som mål å strikka eitt teppe, med 150 lappar. Damene frå Ull og omtanke besøkte skulen, og fekk formidla litt om tanken bak prosjektet deira. Dette fenga elevane, og innsatsen var upåklageleg.
Strikkekafè i skuletida
I veka før vinterferien inviterte me damene frå Ull og Omtanke, naboar, besteforeldre og foreldre på strikkekafè i skuletida, noko som vart ein suksess, med mange som møtte opp. Etter strikkekafeen kom det inn mange lappar frå ivrige foreldre og besteforeldre, og saman med elevane sitt bidrag, samla me inn 476 lappar. Slik vart det tre ferdige teppe, og nokre lappar til overs, som går vidare til eit anna teppe.
Elevane har vore ivrige, og flinke til å produsera lappar. Litt ekstra kjekt har det vore å sjå utviklinga i strikkinga deira. No når teppa er ferdige, har dei vore på utstilling i gymsalen, slik at alle fekk sjå det ferdige resultatet. Her kunne elevane kikka og peika ut sine lappar for kvarandre og for dei føresette.
Onsdag avslutta me prosjektet med storfint besøk av kommunalsjef Torunn Laurhammer og «Ulldamene». Her vart teppa overleverte, og allereie no er eitt av teppa gitt vekk.
- Me som har sett elevane arbeida med prosjektet i løpet av vinteren, er kjempestolte over innsatsen til gjengen, skryt kontaktærar Randi Saue Flokenes og faglærar Magnhild Krokedal Turøy ved Våge skule.
26 elevar i 6. og 7. trinn ved Våge skule har arbeidd med eit kunst og handverksprosjekt som dei gav vidare til kreftpasientar under behandling.
Våge skule