Dagleg leiar Agata Kapuscinska ved Legevakta med råd om påsken.
Sunnhordland interkommunale legevakt
Dagleg leiar Agata Kapuscinska ved Sunnhordland interkommunale legevakt IKS Døgnavdeling IDA kjem med fleire gode råd like før påskeferien. I tilleg til rådet om reseptfornying i god tid, rår ho deg også til å ringje før du møter opp slik at legevakta kan avklare kva slags oppfølging du treng.
Råd frå legevaktsjefen
• Sørg for å ha smertestillande og febernedsettande medisinar som Paracet og Ibux heime eller med på reise.
• Ha gjerne nesespray, termometer og plaster/strips lett tilgjengeleg.
• No er det sesong for mange luftvegsinfeksjonar. Det har òg vore mykje omgangssjuke med oppkast og diarè i det siste. God handhygiene er difor svært viktig.
• Hugs allergimedisin dersom du har pollenallergi. Hassel er tidleg ute, og med påskesol og varmt vêr kan spreiinga auke.
• Hugs solkrem og gnagsårplaster dersom du planlegg å vere mykje ute og i aktivitet.
• For barnefamiliar er det viktig å følgje med på allmenntilstanden til barna, til dømes kontaktevne, leikelyst, væskeinntak, bleieskift, hudfarge, pustemønster og kor vakne dei er.
Ved feber hos spedbarn under tre månader skal du alltid kontakte lege med ein gong.
Når du ringer legevakta, prøv å ha dette klart:
• Fullt namn
• Fødselsdato og personnummer
• Kva faste medisinar du brukar og eventuelle sjukdommar
• Mål gjerne kroppstemperaturen dersom du trur du har feber
Ved ankomst til legevakta
• Meld deg i ekspedisjonen når du kjem, uavhengig av om du har ringt på førehand.
• Alle pasientar blir vurderte etter hastegrad. Det kan føre til at du må vente, og at tida di blir endra når du kjem. Lege på vakt kan òg bli kalla ut til akutte hendingar, og pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp kan kome med ambulanse.
• Me ber om at pasientar ikkje tek med fleire enn dei som er heilt nødvendige. Hovudregelen er at barn og pasientar som treng hjelp, kan ha med éin ledsagar. Dette er viktig for ventetilhøva og av omsyn til smittevern.
I desse tilfella skal du alltid kontakte fastlegen først:
• Behov for sjukmelding eller forlenging av sjukmelding
• Fornying av reseptar
• Behov for legeattest
• Kroniske tilstandar utan akutt forverring
Dersom du er uroa for eigen eller andre sin helsetilstand, og det ikkje kan vente til fastlegen opnar, kan du ringje legevakta på telefon 116 117.
Ved akutt fare for liv og helse skal du ringje 113.
Bømlo legekontor held stengt i påskeferien.