Avdelingsleiart Bjørn Hroar Sortland for brannførebygging minnar om å sjekka røykvarslarane 1. desember.
Bømlo brann og redning
I Bømlo kommune har det vore 41 brannhendingar i bustader dei siste fem åra.
– Alle bør merka av 1. desember i kalenderen. Då er det tid for å testa røykvarslarane og byta batteri ved behov. Dette er eit enkelt, men viktig tiltak for å sikra seg og sine, seier Bjørn Hroar Sortland, avdelingsleiar for førebyggjande arbeid i Bømlo brann og redning.
Slik testar du røykvarslaren – enkelt som 1-2-3
Trykk på testknappen på kvar enkelt varslar. Fungerer han ikkje, må du byta batteri eller kjøpa ny varslar.
Sjekk at lyden er tydeleg i alle opphaldsrom og soverom – også når dørene er lukka.
Ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Har du fleire, bør dei vera seriekopla slik at alle varslar samtidig ved brann.
– Seriekopla røykvarslarar er særleg viktig i bustader med fleire etasjar. Det kan gi deg og familien verdifull tid til å koma dykk i tryggleik, understrekar Sortland.
Røykvarslar tilknytta tryggleiksalarm skal ikkje skiftast batteri på - heller ikkje på røykvrslarens dag 1. desember.
Careium
Hugs dette:
- Test røykvarslaren ein gong i månaden og alltid etter lengre opphald borte frå heimen.
- Støvsug varslaren jamleg for å forlenga levetida.
- På hytta: Test alltid varslaren når du kjem fram – batteriet kan ha gått tomt medan du var borte.
NB - gjeld ikkje Careium brannvarslarar
- Me minnar om at røykvarslar tilhøyrande tryggleiksalarm IKKJE skal bytast batteri i. Dei har ikkje utbyttbart batteri, og skal vare i minst ti år. Dersom det vert feil i dei eller dei treng bytast ut, vil dei sjølve sende melding til kommunen sine system om dette. Disse røykvarslarene er merka med Careium
Ta ansvar for dine næraste
Brannstatistikk viser at enkelte grupper er meir utsette ved brann, som eldre og personar med nedsett funksjonsevne. Mange har utfordringar med å testa røykvarslaren sjølv.
– Me oppmodar alle til å sjekka at dine næraste har fungerande røykvarslar og byta batteri om det trengst, seier Sortland.
Om kampanjen
Røykvarslarens dag er ein landsomfattande kampanje som vert arrangert kvart år 1. desember. Kampanjen er eit samarbeid mellom Brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Gjensidige forsikring. Lokalt er det brannvesenet og Det lokale eltilsynet (DLE) som bidreg til å setja søkelys på dette viktige bodskapet.
Les meir om kampanjen
Sjå lokal brannstatistikk for Bømlo kommune
Har du spørsmål? Kontakt:
Bjørn Hroar Sortland
Avdelingsleiar førebyggjande
Bømlo brann og redning
Telefon: 917 14 199