Godt oppmøte ved markering for 80-årsdagen for frigjeringa etter 2. verdskriv ved Blia-monumentet og minnestøtta ved Bremnes kyrkje 8. mai.
Simon Knutsson Sortland
Dette var noko av bodskapen frå ukrainske Yeva Denysova og Anastasila Potapenko som går i 9. klasse ved Bremnes ungdomsskule. Saman med medelevar var dei ansvarlege for markeringa ved Blia-monumentet då me feira frigjerings- og veterandagen vår torsdag 8. mai. Andre elevar fortalde kort om historia til Bremnesgruppa, Shetlandstrafikken og Blia-forliset.
Takksame etterkomarar
Annbjørg Legland (90) var med og fekk realisert Blia-monumentet som vart avduka i 1991. Ho les diktet "Blia" av Vermund Trohjell under markeringa 8. mai.
Simon Knutsson Sortland
- På same måte som Shetland tok vel imot våre flyktningar under 2. verdskrig, har bømlingane teke hjarteleg imot dei som har flykta hit frå krigen i Ukraina. Me har framleis folk blant oss som opplevde både krigen og som hugsar hendingar som skjedde. Men det minkar på dei, dei vert stadig færre år for år. Me er derfor ekstra glade for at over 90 år gamle Annbjørg Legland er med oss i dag, sa lærar Øyvind Refvik som leia markeringa. To elevar fekk æra av å leggja ned kransen ved Blia-monumentet.
Annbjørg Legland fortalde om avdukinga av Blia-monumentet i 1991 i eit forferdeleg ver. - Det var langt nær så ille som den stormen Blia forliste i, la ho til. Dei etterlatne ytra stor takksemd for at me fekk reist monumentet slik at dei no har ein plass å gå til der dei kan minnast sine kjære, sa Legland. Ho var ein av dei som stod i brodden for å få reist monumentet, saman med dåverande ordførar Annemor Jensen. Legland avrunda med å lesa opp diktet “Blia” av Vermund Trohjell som vart laga til avdukinga.
Wikipedia om M/K Blia og forliset 11. november 1941
- Vern om demokratiet vårt
- Bømlo kommune har busett over 250 flyktningar frå Ukraina. Me er takksame for alt det positive flyktningane bidreg med, og all den hjelpa bømlingane har ytt. Her ligg eit stort alvor bak. For sjølv om me lever i fred i Norge i dag, og på mange måtar er priviligerte, er det mange som opplever krig og uro rundt i verden. Samtidig er det meir usikkerhet rundt alliansane våre, og konfliktar oppstår, sa ordførar Morten Helland mellom anna i sin tale.
Han la vekt på at i urolege tider må me aldri slutta å snakka i lag, me må bry oss om andre rundt oss og me må verna om demokratiet og fridomen vår. - Demokratiet og fridomen vår må aktivt forsvarast, det må jobbast med, om ikkje forsvinn det. Ordføraren siterte Otto Gritschneder (1914-2005 - rettshistorikar og jurist): «Den som sover i eit demokrati, våkner i eit diktatur». Deretter las han opp namna på alle dei 43 som omkom i Blia-forliset.
Fem tunge okkupasjonsår
Etter markeringa ved Blia-monumentet forflytta elevane og dei mange frammøtte i publikum seg ned til minnestøtta utanfor Bremnes kyrkje. Det er reist til minne om dei frå Bremnes sokn som fell under krigen. Her var det elevar frå Meling skule som stod for programmet og flaggvakter. Elevane Marit Halleraker, Malin Urang, Anna Berge, Adele Katla og Soraya Akbery minna oss på alle fridomane me vart fråtekne, som ytringsfridom, å ha vårt eige flagg, alle matvarer som var mangelvare og frykta som råda i befolkninga.
Bømlo musikkorps og tre uniformerte representantar frå Heimevernet som æresvakter deltok på markeringa og kransenedleggingane for å markera 80-årsdagen for frigjeringa 8. mai 1945. Det var sjølvsagt avspeling og sunge “Ja, vi elsker” og eit minutt stille for å syne vår respekt og takksemd.
Markeringar ved alle minnesmerka
Ordføraren la ned kransar ved Moster gamle og nye kyrkje og Bremnes kyrkje. Varaordførar Ragnfrid Sønstabø la ned krans ved minnestøttene på Espevær, Bømlo og Lykling kyrkje. Heimevernet stilte med æresvakter ved alle markeringane.
Sjå artikkelen Markerer frigjerings- og veterandagen
- Eg er imponert over innsatsen til alle elevane, særleg femteklassingane ved Våge skule. Dei gjorde ein kjempeinnsats, skryt varaordføraren. På Langevåg var det 9. klassingane ved Hillestveit skule som fortalde historia til dei falne med namna sine på minnestøtta. Skulekorpset deltok.
Dette er vår nasjonale frigjerings- og veterandag der me heidrar veteranar og krigsseglarane våre frå 2. verdskrig, alle som har delteke i internasjonale operasjonar for det norske flagg, og alle som har avtent verneplikta si i Noreg.
Me er våre sambygdingar evig takksam for alt dei ofra for at våre verdiar, kultur og kristne kulturarv kunne halda fram - i fridom!