Magnus har draumejobben

Kvar fredag er Magnus Ørstavik ved Aktivitetstunet spent på om han får ein blå bil å vaska frå heimetenesta. 

mann ved bil og støvsuger - Klikk for stort bileteMagnus Ørstavik likar best dei blå bilane til Bømlo heimeteneste. Anastasiia Starzhynska

Men uansett farge på bilen, Magnus ryddar, støvsugar og reingjer bilane innvendig, får dei gjennom vaskehallen på Bremnes Auto og sørger for at dei vert sett på lading oppe ved heimetenesta sine kontorer når dei er ferdig reingjort.  Han fører statistikk over kvar bil han vaskar. Av og til får han litt assistanse av utplasseringselevar frå Bømlo vidaregåande skule. 

- Dette er eit viktig arbeid Magnus gjer, og her ser du døme på eit godt samarbeid mellom Habiliteringstenesta og Heimetenesta, fortel Anita Torkelsen Nesse ved Aktivitetstunet.

- Eg gler meg til eg får vaska bilane i vaskehallen til brannstasjonen. Eg håpar i alle fall eg får lov til det, seier Magnus. På Facebook kallar han seg sjølv Brannmann Magnus, og er levande oppteken av alt som skjer kring den nye brannstasjonen.

Frigir tid for meir omsorg

- Magnus vaskar ein bil for oss innvendig og utvendig kvar veke. Han er veldig glad når han får vaske ein av dei «blå» tenestebilane. Magnus utfører jobben perfekt. Han er veldig flink til arbeidsoppgåva Når Magnus vaskar bilane for heimetenesta, så frigjev han tid for tilsette til å gje meir omsorgstenester. Heimetenesta er veldig takknemlig for jobben Magnus gjer, skryt Hilde Markhus, leiar Bømlo heimetenester.

- Men dei må skjerpa seg og halda bilane litt ryddigare, meiner Magnus. Han set særleg pris på å bli invitert til å eta lunsj i lag med dei i heimetenesta.

Til toppen