Markerar nasjonal frigjerings- og veterandag 8. mai

Grunnskulane våre vil markera nasjonal frigjerings- og veterandagen fredag 8. mai. 

to ukrainske jenter med blomsterkrans på hovudet taler ved minnestøtte med soldatar i uniform i bakgrunnen - Klikk for stort bileteAppell frå ukrainske Yeva Denysova (t.h) og Anastasila Potapenko i 9. klasse ved Bremnes ungdomsskule under markeringa ved Blia-monumentet 8. mai 2025. Simon Knutsson Sortland

Elevar frå Svortland skule og Gilje skule har med seg musikkinnslag frå kulturskulen ved
Blia-monumentet kl. 10.00 og deretter minnestøtta ved Bremnes kyrkje kl. 10.20. Heimevernet deltek og det vert tale ved ordførar Morten Helland. Meling skule og Bremnes ungdomsskule ansvaret neste år, då desse fire skulane byttar
på å ha denne markeringa 8. mai.

Fredsmarsj frå Moster skule

I fjor under 80-årsjubileet for frigjeringa etter 2. verdskrig var det deltaking frå Heimevernet og politisk leiing ved alle minnemarkeringane. Frå Moster skule vert det Fredsmarsj frå kl. 10.40 og markering ved Moster nye kyrkje kl. 11.00.

Elevar frå Våge skule står for markeringa ved Lykling kyrkje kl. 10.00. 8. trinn frå Hillestveit skule står for markeringa ved minnestøtta på Espevær kl. 10.00, medan 9. trinn har ansvaret ved minnestøtta ved Bømlo kyrkje kl. 11.00.

Det vert musikkinnslag og korpsmusikantar.