Varaordføraren legg ned krans ved minnestøttene på Espevær, Bømlo og Lykling kyrkje. Ordføraren ned kransar ved Moster gamle og nye kyrkje, Bremnes kyrkje og Blia-monumentet. På Moster vil skulen kopla på alle elevane for å dekka markeringa ekstra i høve 80-årsmarkeringa, og dei satsar på å få med delar av skulekorpset og at dei får i stand open kyrkje denne dagen.
Gudsteneste og temakveld
Bremnes kyrkje skal ha gudsteneste på kvelden, der mellom anna Heimevernet vil danna flaggborg. Solistar er Arne Kvarven og Anna Lovise Anglevik Solberg (blås). Kollekten vil gå til Kirkens Nødhjelp.
Bømlo folkebibliotek vil i samband med 80-årsmarkeringa ha ein gratis temakveld “Eit tidsbilete frå krigen”. Det skjer onsdag 14. mai der Johanna Seim Hjelland kjem med forteljinga om sin far Peter Hermansen og familien si krigshistorie. Hermansen frå Lykling var prostiprest i Sunnhordland då han vart arrestert av tysk politi i 1942. Han sat i mange ulike fengsel på veg til fangeleiren Sachenhausen i Tyskland. Det første var fengselet på Stord. Ut frå ein svært spesiell grunn vart han sett fri før krigen var slutt.